Opna hovudmenyen

Robert Kotsjarjan

armensk politikar

Robert Sedraki Kotsjarjan (fødd 31. august 1954 i Stepanakert i Nagorno-Karabakh) er ein armensk politikar, og var president i Armenia frå 4. februar 1998 til 9. april 2008.

Robert Kotsjarjan
armensk Ռոբերտ Սեդրակի Քոչարյան
Robert Kocharyan, second President of Armenia, 2006 (02).JPG
Fødd31. august 1954
Stepanakert
Statsborgar avSovjetunionen, Armenia, Republikken Artsakh
Yrkepolitikar, ingeniør
Utdanna vedNational Polytechnic University of Armenia
Statsuniversitetet i Moskva
Andre namnarmensk Ռոբերտ Սեդրակի Քոչարյան
EktefelleBella Kocharyan
VervPresident i Armenia 1998-2008
FøregangarLevon Ter-Petrosian
EtterfylgjarSerzj Sargsian
VervStatsminister i Armenia 1997-1998
FøregangarArmen Sargsian
EtterfylgjarArmen Darbinjan

Kotsjarjan var ein av leiarane for rørsla i Nagorno-Karabakh som gjekk inn for lausriving frå Aserbajdsjan. Då Nagorno-Karabakh erklærte sjølvstende i 1992 vart Kotsjarjan den første presidenten i utbrytarrepublikken, som har ei nær tilknyting til Armenia.

I 1997 forlet han denne posten då han vart statsminister i Armenia. I 1998 vart han vald til president, etter at forgjengaren vart pressa til å gå av. I 2003 vart Kotsjarjan gjenvald som president. Ved begge presidentvala har det kome skuldingar om uregelmessigheiter.

Etter grunnlova hadde ikkje Kotsjarjan høve til å stilla til val til ein tredje periode. Ved presidentvalet 19. februar 2008 støtta han kandidaturet til statsministeren sin, Serzj Sargsian, som vann valet.

Han er gift og har tre born.