Nagorno-Karabakh

Nagorno-Karabakh ('Fjellrik svart hage»'[a] er eit autonomt område i Aserbajdsjan som har vore okkupert av Armenia sidan 1993. Majoriteten av befolkninga er armenarar (95%), med mindre grupper aseriar (eller aserbajdjanarar), russarar og kurdarar. Det bur rundt 145 000 menneske i området. Hovudstaden er Stepanakert, og presidenten i den ikkje anerkjente republikken heiter Arkadi Gukasian.

Nagorno-Karabakh mellom Aserbajdsjan og Armenia

HistorieEndra

Sidan antikken har Nagorno-Karabakh vore ein del av andre, mektige statar, som Armenia, Kaukasisk Albania og Persarriket, før området blei overført til Russland ved Gulestan-freden ved slutten av den første russisk-persiske krigen i 1813. I 1822 blei området ein del av den russiske og seinare sovjetiske provinsen Aserbajdsjan. Tilflytting av armenarar førte til at denne folkegruppa var i fleirtal (76 %) då Sovjetunionen blei oppløyst i 1991, og krav om overføring av området førte til ei folkeavstemming i desember same året. Eit stort fleirtal stemte for sjølvstende frå Aserbajdjan, men avstemminga blei boikotta av det aseriske mindretalet (23 %). Den aukande spenninga i området førte til valdsaksjonar mot armenarar i Aserbajdsjan og aseriar i Amenia, deretter flyktningestraumar begge vegar. I 2001 var 95 % av innbyggjarane armenarar. Konflikten førte etter kvart til open krig mellom Armenia og Aserbajdsjan. Med russisk hjelp kom partane fram til ei uoffisiell våpenkvile den 12. mai 1994. Våpenkvila gjeld enno, men situasjonen mellom dei to landa er framleis spent.

Nagorno-Karabakh er i dag i praksis sjølvstendig, men svært tett knytt til Armenia. Til dømes er valutaen i området, dram, den same som i Armenia, og den tidlegare presidenten i Nagorno-Karabakh, Robert Kocharian, blei først statsminister (1997), og deretter president (1998) i Armenia. Men det internasjonale samfunnet ser stadig på Nagorno-Karabakh som del av Aserbajdjan.[1]

KartEndra

MerknadarEndra

  1. aserbajdsjansk Dağlıq Qarabağ eller Yuxarı Qarabağär; på armensk Լեռնային Ղարաբաղ (Lernayin Gharabagh) eller Արցախ (Artsakh); på russisk Нагорный Карабах (Nagornyj Karabach)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra