Stepanakert

Stepanakert (armensk Ստեփանակերտ) eller Xankändi (aserbajdsjansk Xankəndi, Khankendi) er den største byen i Nagorno-Karabakh og hovudstad i denne de facto sjølvstendige republikken som internasjonalt framleis er rekna som del av Aserbajdsjan. Byen ligg i ein dal ved austkanten av fjellkjeda Karabakh, på venstre elvebreidd av Qarqarçay.[1]

Stepanakert
by
Stepanakert June 2015.jpg
Utsyn over Stepanakert i 2015.
Land Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan, Flag of Artsakh.svg Nagorno-Karabakh

Stepanakert
39°48′55″ N 46°45′7″ E
Wikimedia Commons: Stepanakert

Byen er eit regionalt senter for kultur og utdanning. Han husar Artsakh universitet, musikkskular og eit kulturpalass. Næringslivet byggjer på tenesteindustri og har ulike verksemder, som fødevareindustri, vinmaking og silkeveving er dei viktigaste.[1] I 2021 hadde Stepanakert rundt 75 000 innbyggjarar.[2]

Styresmakter og politikkEndra

Under Sovketunionen var Stepanakert hovudstad for Nagorno-Karabakh sjølvstyrande oblast i Den aserbajdsjanske sosialistiske sovjetrepublikken, frå 1923 til 1991. Då Artsakh erklærte sjølvstende i 1991 heldt Stepanakert fram i stillinga som politisk og kulturelt senter i den sjølverklærte republikken. Byen husa alle nasjonalinstitusjonane - regjeringsbygget, nasjonalforsamlinga, presidentpalasset, konstitusjonsretten, alle departementa, tinghusa og andre statlege verksemder.[1]

GalleriEndra

KulturEndra

 
Domkyrkja til den heilage Guds mor

Vahram Papazyan dramateater i Stepanakert blei skipa i 1932. I 1967 blei det monumentale komplekset Vi er våre fjell reist nord for Stepanakert.[3] Det er vidt rekna som eit symbol på den armenske arva til den historiske regionen Artsakh.[4] Kulturpalasset i byen har namn etter Charles Aznavour.[5] Artsakh statsmuseum i Stepanakert har ei viktig samling av oldtidsgjenstandar og kristne manuskript.[6]

Kyrkja i byen frå 1800-talet blei riven på 1930-talet for å byggja Stepanakert dramateater. I resten av sovjettida var det ikkje nokre tradisjonelle kyrkjer i Stepanakert, sjølv om dei fleste innbyggjarane tilhøyrde den armenske apostoliske kyrkja.[7]

I 2007 opna ei kyrkje vigd Surp Hakob (Heilage Jakob). Ho var den einaste opne kyrkja i byen til 2019.[8] Ein byrja bygga Domkyrkja til den heilage Guds mor 19. juli 2006. Bygginga gjekk sakte på grunn av manglande økonomiske ressursar. Kyrkja opna endeleg i 2019.[9]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Baranchikov 2016, s. 225
  2. Khachatryan, Karen (13. Aaugust 2021). Stepan Kocharyan, red. «Drought leads to "unprecedented" water crisis in Stepanakert city». armenpress.am. Stepanakert: Armenpress. Henta 18. desember 2021. 
  3. Holding 2006, s. 210
  4. Chorbajian 2001, s. 140
  5. «Artsakh president attends Aznavour commemoration event in Stepanakert». Tert.am. 6. oktober 2018. Arkivert frå originalen 20. desember 2021. Henta 20. desember 2021. 
  6. «MUSEUMS - Karabakh Travel». artsakh.travel (på engelsk). Tourism department of ministry of economy of NKR. Arkivert frå originalen 2018-04-06. Henta 6. april 2018. 
  7. Kiesling & Kojian 2005, s. Stepanakert
  8. Grigorian, Laura (10. mai 2007). «ST JAMES CHURCH WAS OPENED IN STEPANAKERT». Armenian News. Arkivert frå originalen 4 April 2012. 
  9. «Official ceremony of consecration and opening Cathedral of Intercession takes place in Stepanakert». news.am (på engelsk). Arkivert frå originalen 8. april 2019. Henta 16. mai 2019. 
  • Xankändi (28.02.2013) i Store norske leksikon.
Bibliografi

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Stepanakert
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.