Oleg Gontsjarenko

Oleg Georgijevitsj Gontsjarenko (18. august 193116. desember 1986) var ein skeiseløpar frå Kharkov i Ukraina som representerte Sovjetunionen. Han vann i tida 1953-58 tre verdsmeisterskap og to europameisterskap på skeiser.

Oleg Gontsjarenko

Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 18. august 1931
Kharkiv
Død

16. desember 1986 (55 år)
Moskva

Yrke skøyteløpar
Språk russisk
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti
Oleg Gontsjarenko på Commons

Gontsjarenko vart verdsmeister 1953 i finske Helsinki, der han etter sigrar på dei to lengste distansane erobra laurbærkransen med stor margin til landsmannen Boris Sjilkov på andreplass. Sesongen etter bytta dei to plass på sigerspallen då VM 1954 i Sapporo var avgjort. Vinteren 1955 vart Gontsjarenko andremann både ved EM i Falun og VM i Moskva, svenske Sigge Ericsson vann begge meistertitlane.

Under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo kom Gontsjarenko inn til bronsemedalje på begge dei lengste distansane. På 5 000 meter vann Boris Sjilkov ein suveren siger framfor Sigge Ericsson, medan same Ericsson og norske Knut Johannesen vart nummer ein og to på 10 000 m. To veker etter vinterleikane vann Gontsjarenko i Oslo skeise-VM for andre gong, fattige 0,042 poeng framom lagkameraten Robert Merkulov.

Både i 1957 og 1958 vann Gontsjarenko europameisterskapen på skeiser. I 1958 vann han også VM i Helsinki. Sidan hausta han ingen medaljar, men representerte Sovjetunionen til 1961.

Kjelder endre