Robert Prytz

svensk fotballspelar

Robert Klas-Göran Prytz (fødd 12. januar 1960) er ein svensk tidlegare fotballspelar frå Malmö. Han er særleg kjend frå dei åra han spelte for høvesvis Malmö FF, Verona og Rangers FC. Åra frå 1980 til 1989 deltok han i 56 av Sverige sine landskampar i fotball.

Robert Prytz
Statsborgarskap Sverige
Fødd 12. januar 1960 (64 år)
Malmö
Idrett fotball
Utmerkingar

Guldbollen

Karriere endre

Klubbspel endre

Prytz debuterte for Malmö hausten 1977, i løpet av 1979-sesongen spelte han seg til fast plass i fyrste-ellevaren. Med erfaring frå einast 14 kampar i Allsvenskan fekk 19-åringen plass i startoppstillinga då Malmö FF møtte Nottingham Forest til finale i Europacupen i fotball 1979 på olympiastadion i München. Ei keisam førestilling enda med engelsk siger 1–0. Sommaren 1982 skreiv han kontrakt med skotske Rangers FC, bortsett frå triumfar i ligacupen 1984 og 1985 ei lite suksessrik tid for den skotske storklubben.

I 1985 returnerte Prytz til Sverige og slutta seg til IFK Göteborg. Han flytta så til Sveits på nyåret. Der var han ein sentral spelar då Young Boys frå Bern i 1986 vart nasjonal seriemeister, for fyrste gong på 26 år. Året etter vart Prytz og laget sveitsisk pokalvinnar. Sidan var Prytz aktiv i Bayer Ürdingen frå 1987, Atalanta Bergamo frå 1988, Hellas Verona frå 1989, Malmo FF frå 1993, Young Boys i 1995/96.

Landslagsspel endre

12. november 1980 debuterte Prytz for Sverige i ein VM-kvalifiseringskamp i Tel Aviv. Han etablerte seg etterkvart som fast spelar, jamsides Glenn Strömberg sentralt på midtbana. Landslaget klarte desse åra ikkje nå sluttspela i verdsmeisterskap eller europameisterskap. Fram til 1989 spelte han 56 landskampar og skåra 13 mål for Sverige.

Kjelder endre