Roberto Frinolli
Roberto Frinolli (fødd 13. november 1940) er ein italiensk friidrettsutøvar frå Roma som vart europmeister på 400 meter hekk i 1966.
Roberto Frinolli | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 13. november 1940 (84 år) Roma |
Yrke | friidrettsutøvar |
Språk | italiensk |
Høgd | 175 centimeter |
Ektefelle | Daniela Beneck |
Roberto Frinolli på Commons |
Aktiv
endreFrinolli spesialiserte seg etter kvart som langhekkløpar. Han vart italiensk meister på 400 m hekk i åra 1963-66 og 1968-69. I 1963 vann han same distansen under universiaden i Porto Alegre. To år seinare forsvarte han meistertittelen då universiaden vart avvikla i Budapest, der han i tillegg sprang for Italia sitt vinnarlag på 4 x 400 m stafett.
Den 20. september 1964 vann Frinolli langhekken under landskampen Italia-Noreg-Sverige på Olympiastadion i heimbyen med tida 49,6 sekundar. Han vart dermed den andre europearen under 50 sekundar på 400 m hekk og den einaste i OL-sesongen 1964; toaren i landskamptevlinga, Salvatore Morale, vart i 1962 fyrstemann. Under sommarleikane 1964 i Tokyo enda Frinolli på sjetteplassen på 400 m hekk.
Frinolli vann gullmedaljen på 400 m hekk under EM i friidrett 1966 i Budapest, med god margin til toaren, vesttyske Gerd Lossdörfer. Også under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen nådde han i finalen. Etter sitt livs snøggaste langhekkløp i semifinalen med tida 49,14, opna han for hardt i finaleløpet og enda som åttande og sistemann.
Med eit årsbeste på 50,2 sekundar fekk Frinolli delta i Sommar-OL 1972 i München. Tida i forsøket, 51,69, var langt frå tilstrekkeleg til å gå vidare.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Roberto Frinolli» frå Wikipedia på tysk, den 25. april 2015.