Salvatore Morale (fødd 4. november 1938) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Teolo i provinsen Padova. Han vart europmeister på 400 meter hekk i 1962, og verdsrekordhaldar på distansen frå 1962 til -64.

Salvatore Morale

Statsborgarskap Italia
Fødd 4. november 1938 (85 år)
Teolo
Yrke friidrettsutøvar
Språk italiensk
Høgd 183 centimeter
Ektefelle Anna Beneck

Aktiv endre

Morale deltok på langhekken i dei olympiske leikane 1960 på italiensk heimegrunn i Roma. Han rauk ut i semifinalane, der han med tida 51,48 sekundar vart slått med ein hundredels sekund av sjette- og sistemann som kvalifiserte seg til finalen. Morale vart dermed nummer sju i øvinga.

I 1961 sette Morale ny europarekord med eit løp på 49,7 sekundar. Ved europameisterskapen i Beograd i 1962 gjorde han sitt livs løp då han vart europameister på tida 49,2, ei tangering av verdsrekorden til Glenn Davis frå USA. Han sprang også for Italia sitt firemannslag på den lange stafetten, og vart nummer fem.

Ein månad før dei olympiske sommarleikane 1964 i Tokyo hadde USA-amerikanske Rex Cawley sett verdsrekord med 49,1 sekund. I Tokyo levde Cawley opp til favorittstempelet og vann OL-gull med tida 49,6. Briten John Cooper og Morale vart begge klokka inn på 50,1 sekundar. Morale vart dømd sist av dei to og fekk den olympiske bronsemedaljen. Han la deretter opp.

Kjelder endre