Rock 'n' Roll Cities

Rock 'n' Roll Cities
Singel av The Kinks
frå albumet Think Visual
B-side

«Welcome to Sleazy Town» (USA)

Utgjeve 17. november 1986
Innspelt Januar 1986 og juni-august 1986
Studio Konk Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 3:43
Selskap MCA
Låtskrivar(ar) Dave Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
«Do It Again»
(UK, 1984)
---
«Summer's Gone»
(US, 1985)
Rock 'n' Roll Cities «How Are You»
(1987)


«Rock 'n' Roll Cities» er ein song av den engelske rockegruppa The Kinks. Songen kom ut i 1986 på albumet Think Visual og var skriven av Dave Davies.

Den tidlegare Kinks-trommeslagaren Mick Avory spelar på songen, trass i at han slutta i bandet i 1984 under innspelinga av Word of Mouth på grunn av krangling med Dave Davies.[1] Dette var den siste Kinks-songen Avory spelte på. Dave Davies har sidan rost spelinga til Avory på songen og sa «Eg likte verkeleg tromminga til Mick på Rock 'n' Roll Cities.»[2]

Utgjeving endre

«Rock 'n' Roll Cities» kom ut i november 1986 på albumet Think Visual.[3] Same dagen som albumet kom ut, vart songen gjeven ut på singel i Amerika, med B-sida «Welcome to Sleazy Town».[4]

Musikkvideo endre

For å marknadsføre songen vart det laga ein musikkvideo.[5] I videoen forsvinn Ray Davies og resten av bandet (inkludert Dave Davies, om er travel med kone og barn) prøver å finne anten Ray eller ein erstattar. Til slutt finn ein Ray. Blant dei mange som prøveselte som erstattar for Ray kan ein sjå folk kledde som Freddie Mercury og Rick Astley.[6] I tillegg spelte Mick Avory i videoen. Marina Sirtis, som spelte Deanna Troi i fjernsynsserien Star Trek: The Next Generation, spelte kona til Dave Davies i videoen.[5]

Kjelder endre

  1. Hinman, Doug (2004). The Kinks: All Day and All of the Night. Hal Leonard Corporation. s. 280–283. ISBN 9780879307653. 
  2. Davies, Dave. «Dave Davies - Sept. 7, 2014». Facebook. 
  3. Erlewine, Stephen Thomas. «AllMusic». Henta 28. april 2018. 
  4. Hinman, p. 283
  5. 5,0 5,1 «Kinks Videos». Henta 28. april 2018. 
  6. Seel, Larry (4. januar 1987). «There Are Still A Few Kinks Left In 'Rock 'n' Roll Cities' storyline». Orlando Sentinel. Arkivert frå originalen 8. desember 2015. Henta 28. april 2018.