Freddie Mercury
Freddie Mercury (fødd 5. september 1946 som Farrokh Bulsara, daud 24. november 1991) var ein britisk songar, låtskrivar og plateprodusent, kjend som frontmann i rockebandet Queen. Han var kjend for den prangande scenepersonen hans og det fire oktavar store spennet i stemma si.[1][2][3] Mercury skreiv mange hittar for Queen («Bohemian Rhapsody,» «Killer Queen,» «Somebody to Love,» «Don't Stop Me Now,» «Crazy Little Thing Called Love» og «We Are the Champions») og var stundom produsent og gjestemusikar (piano eller vokal) for andre artistar. Han hadde òg ein solokarriere medan han spelte med Queen.
Freddie Mercury | |||
Mercury i New Haven i Connecticut i 1977 med Queen | |||
Fødd | 5. september 1946 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Stone Town i Sultanatet Zanzibar (dagens Tanzania) | ||
Død | 24. november 1991 | ||
Dødsstad | Kensington i London i England | ||
Fødenamn | Farrokh Bulsara | ||
Alias | Freddie Bulsara | ||
Opphav | Storbritannia, sultanatet Zanzibar | ||
Aktiv | 1969–1991 | ||
Sjanger | rock | ||
Instrument |
| ||
Tilknytte artistar |
| ||
Plateselskap | |||
Verka som |
| ||
Mor | Jer Bulsara | ||
Far | Bomi Bulsara | ||
Sambuar med | Jim Hutton, Mary Austin | ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award |
Mercury vart fødd av parsisk ætt i sultanatet Zanzibar og voks opp der og i India fram til midten av tenåra, før han flytta med familien til Middelsex i England. Han danna til slutt bandet Queen i 1970 i lag med Brian May og Roger Taylor. Mercury døydde i 1991, 45 år gammal, etter komplikasjonar han fekk av AIDS. Han erkjente dagen før han døydde at han hadde fått sjukdommen.
I 1992 vart Mercury posthumt tildelt Brit Award for «eineståande bidrag til britisk musikk» og han fekk ein hyllestkonsert ved Wembley Stadium i London. Som medlem av Queen vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2001, Songwriters Hall of Fame i 2003, UK Music Hall of Fame i 2004, og bandet fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame i 2002. I 2002 vart han plassert på 58. plass i ei undersøking frå BBC over dei 100 største britane gjennom tidene. Han vert ofte rekna blant dei største songarane i pophistoria og vart kåra til beste mannlege songar gjennom tidene i ei rundspørjing i 2005 utført av Blender og MTV2;[4] vart rangert på 18. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 beste songarane gjennom tidene i 2008;[3] vart kåra til den beste rockesongaren gjennom tidene av Classic Rock i 2009;[5] — og vart skildra av AllMusic som «ein av dei største entertainerane i rocken gjennom tidene» med «ein av dei størst stemmene uansett musikksjanger.»[6]
Tidleg liv
endreMercury (fødd Farrokh Bulsara) vart fødd i det britiske protektoratet sultanatet Zanzibar i Aust-Afrika (i dag ein del av Tanzania).[7][8] Foreldra hans, Bomi (1908–2003) og Jer Bulsara (1922–),[a] var parsarar frå Gujarat-regionen i den dåverande provinsen Bombay presidentskap i Britisk India.[9] Etternamnet kom frå byen Bulsar (i dag Valsad) sør i Gujarat. Som parsarar praktiserte Mercury og familien parsisme.[10] Bulsara-familien hadde flytta til Zanzibar slik at faren kunne jobbe som kasserar ved det britiske kolonidepartementet. Ha hadde ei yngre syster, Kashmira.[11]
Mercury var det meste av barndommen i India og byrja å ta pianotimar då han var sju.[12] I 1954, åtte år gammal, vart Mercury send til St. Peter's School, ein britisk kostskule for gutar i Panchgani nær Bombay (i dag Mumbai).[13] Ein av dei tidlege musikalske inspirasjonskjeldene hans var Bollywood-songaren Lata Mangeshkar.[14] 12 år gammal danna han skulebandet The Hectics og spelte songar av rock and roll-artistar som Cliff Richard og Little Richard.[15] Ein ven frå den tida sa at han var veldig flink til å «høyre ein song på radio og så spele han att på piano».[16] Det var òg på St. Peter's at han byrja å kalle seg sjølv «Freddie», og i februar 1963 flytta han attende til Zanzibar der han budde med foreldra.[17]
17 år gammal flytta han og familien frå Zanzibar av tryggleiksårsaker i 1964 under Zanzibarrevlousjonen,[18] då tusenvis av arabarar og indarar vart drepne.[19] Familien flytta til eit lite hus i Feltham i Middlesex i England. Mercury byrja på Isleworth Polytechnic (no West Thames College) i West London, der han studerte kunst. Han fekk etter kvart diplom i Kunst og grafisk design ved Ealing Art College (i dag Ealing campus under University of West London), og nytta seinare det han lærte til å lage våpenskjoldet til Queen. Mercury var britisk borgar frå fødselen av og heile livet.[13]
Då han var ferdig med studiane vart Mercury med i ei rekkje band og selde brukte klede på Kensington Market i London med kjærasten Mary Austin. Han hadde òg ein jobb på Heathrow lufthamn. Vener av han på den tida hugsar han som ein roleg og sjenert ung mann som var særs interessert i musikk.[20] I 1969 vart han med i Liverpool-bandet Ibex, seinare kalla Wreckage. Han budde ei kort stund i ein leilegheit over ein pub i Liverpool, The Dovedale Towers.[21][22] Då bandet ikkje kom seg nokon stad, byrja han i eit anna band kalla Sour Milk Sea. Men tidleg i 1970 var òg dette bandet oppløyst.[23]
I april 1970 slo Mercury seg saman med gitarist Brian May og trommeslagaren Roger Taylor, som tidlegare hadde spelt i ei gruppe kalla Smile. Trass i at resten av bandet og Trident Studios, det første mangementet til bandet, var skeptisk, valde Mercury namnet «Queen» for det nye bandet. Han sa seinare «eg var klar over homo-assosiasjonane det gav, men det var berre ei side ved det»[24] Samstundes endra han etternamnet sitt frå Bulsara til Mercury.[25]
Karriere
endreSongar
endreSjølv om røysta til Mercury naturleg var baryton, song han dei fleste songane som tenor.[26] Stemmerekkjevidda hans strekte seg frå bass låg F (F2) til sopran høg F (F6).[27] Biografen David Bret skildra stemma hans som «eskalerande i løpet av få takter frå djup og guttural, til ein dirrande tenor, og så til ein lys, perfekt koloratur, rein og krystallklår i det øvre registeret.»[28] Den spanske sopranen Montserrat Caballé, som Mercury spelte inn eit album med, uttrykte si meining om at «skilnaden mellom Freddie og ensten alle andre rockestjerner er at han selde røysta.»[29] Ho sa vidare,
Teknikken hans var utruleg. Ingen problem med tempo, han song med ei skarp rytmekjensle, vokalplasseringa hans var særs god og han klarte å gli leikande lett frå eit register til eit anna. Han hadde òg særs god musikalitet. Fraseringa hans var subtil, delikat og søt, eller energirik og smellande. Han klarte å finne den rette fargen eller uttrykke nyansar for kvart ord.[27]
Forskarar studerte i 2016 kva som appellerte med stemma til Mercury.[30] Forskarane var leia av professor Christian Herbst, og merka at Mercury nytta ein raskare vibrato og brukte subharmoniar, særleg samanlikna med operasongarar. Forskarane studerte vokalklipp frå 23 Queen-songar, soloarbeidet hans og ei rekkje intervju med artisten. Dei brukte òg eit endoskopisk videokemara for å studere ein rockesongar som imiterte syngestemma til Mercury.[31][32]
Låtskrivar
endreMercury skreiv 10 av 17 songar på Greatest Hits-albumet til Queen: «Bohemian Rhapsody,» «Seven Seas of Rhye,» «Killer Queen,» «Somebody to Love,» «Good Old-Fashioned Lover Boy,» «We Are the Champions,» «Bicycle Race,» «Don't Stop Me Now,» «Crazy Little Thing Called Love» and «Play the Game».[33]
Det mest merkverdige med låtskrivinga hans var alle sjangrane han brukte, som mellom anna omfatta rockabilly, progressiv rock, heavy metal, gospel og disco. Som han forklarte i 1986 «eg hatar å gjere det same om igjen og om igjen. Eg likar å sjå kva som skjer no i musikk, film og teater og bruke alt saman.»[34] Samanlikna med mange populære låtskrivarar, hadde Mercury òg ein tendens til å skrive musikalsk komplekse songar. Til dømes har «Bohemian Rhapsody» ein asyklisk struktur og består av dusinvis av akkordar.[35][36] Han skreiv òg seks songar frå Queen II som nytta fleire skifte i toneart og komplekse materiale. «Crazy Little Thing Called Love» består på den andre sida av berre få akkordar. Trass i at Mercury ofte skreiv særs intrikate harmoniar, hevda han sjølv at han ikkje kunne lese musikk.[37] Han skreiv dei fleste songane sine på piano og brukte mange forskjellige toneartar.[35]
Konsertartist
endreMercury var kjend for korleis han var på scenen, der han ofte song for eit stadionpublikum verda over. Han hadde ein særs teatralsk stil og fekk ofte publikum med seg. Ein journalist for The Spectator skildra han som «ein artist ute etter å erte, sjokkere og til slutt sjarmere publikummet sitt med forskjellige ekstravagante versjonar av seg sjølv.»[38] David Bowie, som song under Freddie Mercury Tribute Concert og spelte inn songen «Under Pressure» med Queen, hylla scenestilen hans og sa: «Av alle dei meir teatralske rockeartistane, tok Freddie det lenger enn dei andre... han tok det over kanten. Og sjølvagt, eg har aldri beundra ein mann i tights. Eg såg berre ein konsert med han, han var definitivt ein mann so hadde publikum i den hole handa si»[39] Queen-gitarist Brian May skreiv at Mercury kunne få «personen heilt bakarst på eit stadion til å føle at han var med.»[40]
Ein av dei mest kjende konsertane Mercury hadde med Queen var under Live Aid i 1985, då heile stadion på 72 000 menneske klappa, song og svaia i takt. Denne konserten har sidan blitt stemnd fram av folk i musikkindustrien som den beste konserten i rockehistoria. Resultatet vart sendt på lufta i eit fjernsynsprogram kalla «The World's Greatest Gigs».[41][42] Den mektige, lange tonen Mercury held under acappella-delen vart kalla «The Note Heard Round the World».[43] Under ein kommentar om Live Aid i 2005 skreiv ein kritikar, «Dei som set saman lister over dei største frontmennene i rocken, og set Mick Jagger, Robert Plant, etc på toppen, har alle gløymt nokon. Freddie var lett den mest guddommelege av dei alle, noko den dionysiske konserten hans under Live Aid beviser.»[44]
Gjennom karrieren sin, heldt Mercury kring 700 konsertar i land over heile verda med Queen. På ein Queen-konsert, var alt på stor skala. .[34] Han forklate ein gong, «Me er rock and roll sitt svar på Cecil B. DeMille, og ønskjer alltid å gjere ting større og betre.»[34] Bandet var dei første som spelte på stadion i Sør-Amerika, og braut rekorden for største konsertpublikum på Morumbi stadion i São Paulo i 1981.[45] I 1986 spelte Queen òg bak Jernteppet, då dei spelte for 80 000 menneske i Budapest, i det som då var den største konserten som var halden i Aust-Europa.[46] Den siste konserten til Mercury med Queen fann stad den 9. august 1986 i Knebworth Park i England føre 160 000 menneske.[47] Den britiske nasjonalsongen «God Save the Queen» vart spelt på slutten av konserten, medan Mercury var kledd i kappe og heldt ei gullkrone over hovudet og sa farvell til publikum.[48]
Instrumentalist
endreSom ung gut i India, tok Mercury pianotimar fram til han var ni år gammal. Seinare, medan han budde i London, lærte han å spele gitar. Mykje av musikken han likte var gitarbasert. Favorittartistane hans på den tida var The Who, The Beatles, Jimi Hendrix, David Bowie og Led Zeppelin. Han undervurderte ofte seg sjølv på begge instrument, og frå tidleg i 1980-åra nytta Queen ofte gjestemusikarar på klaverinstrument. Det same gjorde han i solokarrieren. Mellom anna nytta han Fred Mandel (ein kanadisk musikar som òg arbeidde med Pink Floyd, Elton John og Supertramp) for det første soloprosjektet hans, og frå 1985 og framover samarbeidde han med Mike Moran (i studio) og Spike Edney (på konsert).[49]
Mercury spelte piano i mange av dei mest populære Queen-songane, som «Killer Queen,» «Bohemian Rhapsody,» «Good Old Fashioned Lover Boy,» «We Are the Champions,» «Somebody To Love» og «Don't Stop Me Now». Han nytta eit flygel og stundom andre klaverinstrument som cembalo. Frå 1980 og frametter nytta han òg ofte synthesiserar i studio. Queen-gitaristen Brian May hevda at Mercury ikkje syns han var god nok på piano og nytta instrumentet mindre og mindre fordi han ønskte å gå rundt på scenen og underhalde publikum.[50] Sjølv om han skreiv mange linjer for gitar, kunne berre Mercury det mest grunnleggande på instrumentet. Songar som «Ogre Battle» og «Crazy Little Thing Called Love» vart skrivne på gitar. På sistnemnde spelte Mercury akustisk gitar både på scenen og i studio.[51]
Solokarriere
endreI tillegg til arbeidet med Queen, gav Mercury ut to soloalbum og fleire singlar. Sjølv om soloarbeidet hans ikkje selde like godt som dei fleste Queen-albuma, nådde dei to albuma og fleire av singlane topp 10 i Storbritannia. Av soloarbeidet hans medverka han til Richard «Wolfie» Wolf-miksen av Love Kills på albumet frå 1984 (songen vart òg nytta i filmen National Lampoon's Loaded Weapon 1) og ny filmmusikk til Fritz Lang-filmen Metropolis frå 1927. Songen, produsert av Giorgio Moroder, debuterte på 10. plassen på den britiske singellista.[52]
Dei to soloalbuma til Mercury var Mr. Bad Guy (1985) og Barcelona (1988). Mr. Bad Guy debuterte på topp ti på den britiske albumlista.[52] I 1993 gjekk ein remix av «Living on My Own», ein singel frå albumet, posthumt til toppen av UK Singles Charts.[53] Songen gav òg Mercury ein posthum Ivor Novello-prisen frå British Academy of Songwriters, Composers and Authors.[54] Allmusic-skribenten Eduardo Rivadavia skildra Mr. Bad Guy som «eineståande frå start til slutt» og meinte at Mercury «gjorde ein tilrådeleg jobb med å strekkje seg inn i ukjend territorium.»[55] Albumet har langt meir synthesiser enn det tidlegare Queen-album hadde.
Det andre albumet, Barcelona, vart spelt inn med den spanske sopranen Montserrat Caballé, og kombinerer element av popmusikk og opera. Mange kritikarar var usikre på kva dei skulle meine om albumet. Ein kalla det «den mest bisarre plata i år.»[56] Albumet var ein salssuksess,[57] og tittelsporet på albumet debuterte på åttandeplassen i Storbritannia og vart òg ein hit i Spania.[58] Tittelsporet vart mykje spelt på radio og TV som den offisielle hymnen til sommar-OL 1992 (i Barcelona eit år etter Mercury døydde). Caballé song songen live under opningsseremonien, medan partia til Mercury vart spelte på ein skjerm. Songen vart igjen framført før starten av Champions League-finalen i 1999 mellom Manchester United og Bayern München i Barcelona.[59]
I tillegg til to soloalbum, gav Mercury ut fleire singlar, mellom anna sin eigen versjon av «The Great Pretender» av The Platters, som debuterte på femteplassen i Storbritannia i 1987.[52] I september 2006 kom det ut eit samlealbum frå soloarbeidet til Mercury i høvet det som hadde vore 60-årsdagen hans. Albumet gjekk rett inn på topp 10 i Storbritannia.[60]
I 1981–1983 spelte Mercury inn fleire songar med Michael Jackson, mellom anna ein demoversjon av «State of Shock», «Victory» og «There Must Be More to Life Than This».[61] Ingen av desse vart offisielt gjeve ut, men det finst piratkopiar av dei. Jackson spelte sidan inn singelen «State of Shock» med Mick Jagger for The Jacksons-albumet Victory.[62] Mercury spelte ein soloversjon av «There Must Be More To Life Than This» på albumet Mr. Bad Guy.[63] I november 2011 annonserte Brian May at ei rekkje av duettane som Mercury spelte inn med Jackson skulle kome ut i 2012.[64][65] Utgjevinga vart seinare utsett til 2014.[66]
I tillegg til Michael Jackson, song Mercury og Roger Taylor tittelsporet for Billy Squier-albumet Emotions in Motion i 1982 og medverka seinare på to songar på Squier-albumet Enough Is Enough i 1986 med vokal på «Love is the Hero» og arrangement på «Lady With a Tenor Sax».[67]
Personleg liv
endreForhold
endreTidleg i 1970-åra hadde Mercury eit langvarig forhold med Mary Austin, som han møtte gjennom gitaristen Brian May. Han budde med Austin i fleire år i West Kensington i London. I midten av 1970-åra hadde songaren byrja ein affære med ein mannleg, amerikansk platesjef ved Elektra Records og i desember 1976 fortalte Mercury Austin om seksualiteten sin, som enda det romantiske forholdet deira.[49][68] Mercury flytta ut av leilegheita dei delte til 12 Stafford Terrace i Kensington og kjøpte ein stad til Austin som ho kunne ha sjølv i nærleiken.[49] Dei var nære vener gjennom åra, og Mercury kalla ho ofte den einaste sanne venen hans. I 1985 sa Mercury om Austin «Alle kjærastane mine spør meg kvifor dei ikkje kan erstatte Mary [Austin], men det er rett og slett umogeleg. Den einaste venen eg har er Mary og eg vil ikkje ha andre. For meg er ho var ho sambuaren min. For meg var det ekteskap. Me trudde på kvarandre, og det var nok for meg.»[69] Han skreiv fleire songar om Austin, mellom anna «Love of My Life». Den siste heimen til Mercury var Garden Lodge, 1 Logan Place, eit herskapshus med 28 rom i Kensington med ein stor hage omgjeve ein høg mur. Huset vart plukka ut av Austin.[70] I testamentet sitt, etterlet han heimen sin i London til Austin, i staden for partneren Jim Hutton, og sa til ho «Du ville ha vore kona mi og det ville ha blitt ditt likevel.»[71] Mercury var òg gudfar til den eldste sonen til Austin, Richard.[50]
Tidleg og midt på 1980-talet hadde han eit romantisk forhold med Barbara Valentin, ei austerriksk skodespelarinne, som er med i videoen til «It's a Hard Life».[72][73] I 1985 starta han eit langvarig forhold med frisøren Jim Hutton (1949–2010).[74] Hutton, som testa positivt for HIV i 1990, budde med Mercury dei seks siste åra av livet hans, pleia han då han var sjuk og sat ved senga hans då han døydde. Hutton sa Mercury døydde med bryllaupsbandet Hutton hadde gjeve han.[75]
Sjukdom og død
endreI oktober 1986 rapporterte britisk presse at Mercury sin blodprøve var blitt testa for HIV/AIDS ved ein klinikk på Harley Street. Ein reporter for The Sun, Hugh Whittow, spurte Mercury om historia ved Heathrow lufthamn då han kom attende frå ei reise til Japan. Mercury nekta for at han hadde noko sjukdomm.[76] I følgje partneren Jim Hutton, fekk Mercury diagonsen AIDS kort tid før påske i 1987.[77] På den tida hevda Mercury at han var blitt testa negativt for HIV.[29] Trass i dette gjekk det stadige rykte om sjukdomen hans dei neste åra i britisk presse, mellom anna fordi han vart stadig tynnare, Queen ikkje turnerte lenger og rapportar frå tidlegare kjærastar til forskjellige tabloide aviser. I 1990 var det ofte rykte om helsa til Mercury i media.[78] Under Brit Awards den 18. februar 1990 i Dominion Theatre i London, dukka ein skral Mercury opp for siste gong på scenen i lag med resten av Queen for å motta ein Brit Award for «einestånde bidrag til musikken».[79][80] Mot slutten av livet vart han ofte forfølgd av fotografar, medan The Sun trykte ei rekkje artiklar som hevda at han var sjuk, mellom anna i november 1990 då dei trykte eit bilete av ein særs mager Mercury på framsida med overskrifta «Det er offisielt - Freddie er alvorleg sjuk.»[81]
Mercury og den indre kretsen av kollegare og vener han følte han kunne stole på, fortsette å nekte for historiene, sjølv etter ein artikkel den 29. april 1991 då Mercury såg særs skral ut på eit bilete.[82] Det har blitt føreslått at han kunne ha bidrege til å auke forståinga for AIDS om han hadde fortalt om situasjonen sin tidlegare.[83][84] Mercury heldt tilstanden sin privat for å verne dei som stod han nærmast, og Brian May stadfesta i eit intervju i 1993 at han hadde informert bandet om sjukdommen langt tidlegare.[85][86] I mai 1991 vart musikkvideoen for «These Are the Days of Our Lives» filma med ein særs tynn Mercury. Dette vart dei siste scenane hans føre kamera.[87] Resten av bandet var klare til å spele inn musikk då Mercury følte seg pigg nok til å kome i studio, gjerne berre ein time og to om gangen. May sa om Mercury: «Han sa berre 'Skreiv meir til meg. Skriv meir musikk. Eg vil berre synge dette og gjere det, og når eg er borte så kan de gjere det ferdig' Han frykta verkeleg ikkje noko.»[88] Justin Shirley-Smith, som var assisterande lydteknikar for desse siste innspelingane, sa: «Det er vanskeleg å forklare til folk, men det var ikkje trist, det var særs gledeleg. Han var ein av dei mest morosame menneska eg nokon gong har møtt. Eg lo det meste av tida, med han. Freddie sa [om sjukdommen] 'eg skal ikkje tenkje på det, eg skal gjere dette'».[88]
Etter dei siste innspelingane med Queen i juni 1991, trekte Mercury seg attende til heimen sin i Kensington i London. Den tidelgare kjæraste, Mary Austin, hadde vore ei særleg stor trøyst for han dei siste åra, og dei siste vekene var ho ofte heime hos han for å ta seg av han.[89] Nær slutten byrja Mercury å miste synet, og han klarte ikkje lenger kome seg ut av senga.[89] Då tilhøva vart så dårlege, valde Mercury å framskynde døden sin med å slutte med medisinane og berre ta smertestillande.[89]
Den 22. november 1991 ringde Mercury til manageren til Queen, Jim Beach, for at han skulle kome heim til han i Kensington for å diskutere ei pressemelding. Dagen etter vart følgjande melding send til den internasjonale pressa på vegner av Mercury:[85]
« | Etter mange spekulasjonar i pressa dei siste to vekene, ønskjer eg no å stadfeste at eg er HIV-positiv og har AIDS. Eg følte det var rett å halde dette privat fram til no, for å verne privatlivet til dei kring meg. Men no har tida komen for venene og fansen min verda over å få vite sanninga, og eg håpar at alle vil bli med meg, legane mine og alle verda over i å kjempe mot denne forferdelege sjukdommen. Privatlivet mitt har alltid vært spesielt for meg og eg er kjend for å ikkje gje intervju. Vær så snill og forstå at eg vil fortsetje med dette. | » |
Kvelden 24. november 1991, berre litt over 24 timar etter meldinga kom ut, døydde Mercury, 45 år gammal i heimen sin i Kensington.[90] Den offisielle dødsårsaken var bronkopneumoni som følgje av AIDS.[91] Den nære vene til Mercury, Dave Clark frå The Dave Clark Five, sat og våka ved senga hans då han døydde. Austin ringde til foreldra og syster til Mercury for å gje dei dødsbodskapen,[92] som nådde aviser og TV morgonen den 25. november.[93]
Den 27. november vart det halde gravferd for Mercury av ein parsistisk prest. Familien og 35 av dei nærmaste venene var til stades i gravferda, inkludert dei attverande medlemmane i Queen og Elton John.[94][95] Kista hans vart bert inn i kapellet til lydane av «Take My Hand, Precious Lord»/«You've Got a Friend» av Aretha Franklin.[96] Mercury vart kremert ved Kensal Green Cemetery i London. Mercury ønskte at Mary Austin skulle ha oska hans og gravleggje han ein ukjend stad. Ein trur berre Austin veit kvar oska er, og ho har sagt ho aldri kjem til å avsløre kvar han er.[97][98]
I testamentet sitt etterlet Mercury det meste av rikdomen sin, inkludert heimen og plateinntektene, til Mary Austin og resten til foreldra og systera. Han etterlet ein halv million dollar til kokken sin, Joe Fanelli, ein halv million til den personlege assistenten Peter Freestone; hundre tusen dollar til sjåføren Terry Giddings; og ein halv million til Jim Hutton.[99] Austin bur framlei den tidlegare heime til Mercury, i lag med familien sin.[99] Ytterveggane av eigedomen har blitt ein heilagdom for fansen til Mercury, og veggane er dekte av graffiti.[100]
Ettermæle
endreDet er usikkert kor mykje dødsfallet til Mercury har hatt og sei for populariteten til Queen. I USA var populariteten til Queen dalande i 1980-åra, men salet av Queen-albuma gjekk kraftig opp i 1992, året etter han døydde.[101] I 1992 skreiv ein amerikansk journalist «Det kynikarane kalla 'død stjerne'-faktoren har oppstått igjen - Queen er på rask veg oppover igjen.»[102] Filmen Wayne's World, som nytta «Bohemian Rhapsody», kom òg ut i 1992.[103] I følgje Recording Industry Association of America hadde Queen seld 34,5 million album i USA i 205, kring halvparten av dette etter at Mercury døydde i 1991.[104]
Det er estimert at Queen kan ha seld så mykje som 300 millionar plater verda over.[105] I Storbritannia har Queen lege totalt lenger på albumlista enn noko anna artist eller band (inkludert Beatles),[106] og Queen's Greatest Hits er det mestseljande albumet i Storbritannia nokon gong.[107] To av songane til Mercury, «We Are the Champions» og «Bohemian Rhapsody», er blitt kåra til dei beste songane gjennom tidene i store rundspørringar av Sony Ericsson[108] og Guinness rekordbok.[109] Begge songane er innlemma i Grammy Hall of Fame.[110] I oktober 2007 vart videoen til «Bohemian Rhapsody» kåra til den beste gjennom tidene av lesarane til musikkmagasinet Q.[111]
Mercury vert ofte rekna blant dei største songarane gjennom tidene. I januar 2009 hamna Mercury berre bak Robert Plant i ei rundspørjing om dei største stemmene i rocken på den digitale radiostasjonen Planet Rock.[112] I mai 2009 kåra Classic Rock Mercury til den beste rockesongaren.[5] I ei sjåarundersøking på BBC Two i 2010 i samband med serien I'm in a Rock 'n' Roll Band!, vart Mercury utvald til vokalisten i det ultimate fantasibandet.[113] I 2011 kåra lesarane av NME Mercury på andreplass, berre bak Michael Jackson, i ei liste over dei beste songarane gjennom tidene.[114] I 2011 stemnde lesarane av Rolling Stone Mercury til andreplass på lista over dei beste songarane.[115] I 2013 kåra lesarane av Gigwise Mercury til den beste frontmannen nokon gong.[116]
På det som ville ha vore 70-årsdagen til hans, 5. september 2016, vart ein asteroide kalla opp etter Mercury. Asteroiden fekk namnet 17473 Freddiemercury.[117]
Diskografi
endre- Sjå òg diskografien til Queen
- Mr. Bad Guy (1985)
- Barcelona (med Montserrat Caballé) (1988)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Freddie Mercury» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Freddie Mercury: The Tribute Concert, Sydney: Australian Broadcasting Corporation, 20 August 2007.
- Aledort, And (29 November 2003), Gitar Tacet for Queen's Bohemian Rhapsody, MIT.
- Linda B (5 October 2000), Certificate of Birth (JPEG), Chorley: Mr Mercury.
- Barnes, Ken (20 June 1974), «Album Review: Queen II», Rolling Stone, arkivert frå originalen 20 Feb 2008.
- «Sinatra is voice of the century», BBC News (London), 18 April 2001, arkivert frå originalen 13 Aug 2007.
- «BBC reveals 100 great British heroes», BBC News (London), 22 August 2002, henta 4 January 2010.
- «Queen top UK album charts league», BBC News (London, publisert 4 July 2005), 4 July 2005a, henta 4 January 2010.
- «Queen win greatest live gig poll», BBC News (London, publisert 9 November 2005), 9 November 2005b, henta 4 January 2010.
- «Zanzibar angry over Mercury bash», BBC News (London), 1 September 2006, henta 4 January 2010.
- Freddie Mercury, London: Biography Channel, 2007.
- Boyce, Simon (1995), Freddie Mercury, Bristol: Parragon, ISBN 1-86105-054-2.
- «Queen's rhapsody voted best video», BBC News, 8 October 2007, henta 4 January 2010.
- Middleton, Christopher (31 August 2004), Bishton, Derek, red., «Freddie's rhapsody», The Daily Telegraph (London), arkivert frå originalen 12 January 2008, henta 2 May 2010
- Blaikie, Thomas (7 December 1996), «Camping at High Altitude», The Spectator, arkivert frå originalen 13. juni 2013, henta 19. mai 2016.
- Bradley, J. (20 July 1992), «Mercury soars in opera CD: Bizarre album may be cult classic», The Denver Post (Denver: MNG).
- Bret, David (1996), «2: Pagan Features... Godline Creatures», Living On the Edge: The Freddie Mercury Story, London: Robson Books, s. 26, ISBN 1-86105-256-1.
- Brown, G. (19 April 1992), «Queen's popularity takes ironic turn», The Denver Post (Denver: MNG), Section D.
- Brown, Mark (16 November 2006), «Queen are the champions in all-time album sales chart», The Guardian (London).
- Cain, Matthew, dir. (2006), Freddie Mercury: A Kind of Magic, London: British Film Institute, 9:00/Roger Taylor.
- Clarke, Ross (1991), Freddie Mercury: A Kind of Magic, Oxted: Kingsfleet Publications, ISBN 1-874130-01-9.
- «Queen in Rhapsody over hit award», CNN (Atlanta), 9 May 2002, arkivert frå originalen 9. november 2007, henta 19. mai 2016.
- Cohen, Scott (April 1975), «Queen's Freddie Mercury Shopping for an Image in London», Circus Magazine, arkivert frå originalen 11 October 2007, henta 24 September 2009.
- Coleman, Ray, red. (2 May 1981), «The Man Who Would Be Queen», Melody Maker (interview), arkivert frå originalen 20 October 2007, henta 24 September 2009.
- Cota, Erich Adolfo Moncada (25 January 2006), Queen Proves There's Life After Freddie, Seoul: Oh my news, arkivert frå originalen 24. juni 2007, henta 19. mai 2016.
- D'Esti Miller, Sarah (19 July 2007), «EPAC's 'Rhapsody' Hits Too Many Wrong Notes», Press & Sun-Bulletin (article discussing vocal range) (Binghamton, NY: Gannett), arkivert frå originalen 15. juli 2011, henta 24 September 2009.
- Das, Lina (2006), «The Great Pretender», The Mail on Sunday (London, publisert 26 November 2000), henta 24 September 2009.
- Davis, Andy (1996), «Queen Before Queen», Record Collector 3 (199), arkivert frå originalen 24. september 2015, henta 19. mai 2016.
- Evans, David; Minns, David (1992), Freddie Mercury: This is the Real Life, London: Britannia, ISBN 0-9519937-3-9.
- Fitzpatrick, Liam (13 November 2006), «Farrokh Bulsara», Time Magazine, Asia Edition, 60 Years of Asian Heroes (Hong Kong: Time Asia) 168 (21), arkivert frå originalen 28 December 2008
- Freestone, Peter (1998), Mister Mercury, London: Tusitala, ISBN 0-9533341-0-4.
- Freestone, Peter (1999), Freddie Mercury: An Intimate Memoir By the Man Who Knew Him Best, London: Omnibus Press, ISBN 0-7119-8674-6.
- Guazzelli, Andrés E. (8 February 2007), The Voice: Freddy Mercury> Characteristics of his voice, Buenos Aires: f-mercury.com.ar, arkivert frå originalen 16 Apr 2009
- Gunn, Jacky; Jenkins, Jim (1992), Queen: As It Began, London: Sidgwick & Jackson, ISBN 0-330-33259-7.
- Haines, Lester (29 September 2005), «’We Are the Champions’ voted world's fave song», The Register (London).
- Harris, John (14 January 2005), «The Sins of St. Freddie», Guardian on Friday (London).
- Hauptfuhrer, Fred (5 December 1977), «For A Song: The Mercury that's rising in rock is Freddie the satiny seductor of Queen», People, henta 24 September 2009.
- Highleyman, Liz (9 September 2005), «Who was Freddie Mercury?», Seattle Gay News 33 (36), arkivert frå originalen 11. oktober 2007, henta 19. mai 2016.
- Hodkinson, Mark (2004), Queen: The Early Years, London: Omnibus Press, ISBN 1-84449-012-2.
- Hutton, Jim; Waspshott, Tim (1994), Mercury and Me, London: Bloomsbury, ISBN 0-7475-1922-6.
- Hutton, Jim (22 October 1994), «Freddie and Jim, A Love Story», Weekend magazine" (The Guardian), arkivert frå originalen 12. oktober 2007, henta 19. mai 2016.
- Hyder, Rehan (2004), Brimful of Asia: Negotiating Ethnicity on the UK Music Scene, Ashgate, ISBN 978-0-7546-4064-6.
- Independent (December 2006), «Depp tipped for Freddie Mercury film role», The Independent (UK), henta 25 February 2011.
- Jackson, Laura (1997), Mercury: The King of Queen, London: Smith Gryphon, ISBN 1-85685-132-X.
- "James" (1 April 2007), NTV program review: History's 100 Most Influential People: Hero Edition, Saitama: japanprobe.com, arkivert frå originalen 1. mai 2007, henta 19. mai 2016.
- Januszczak, Waldemar (17 November 1996), «Star of India», The Sunday Times (London), arkivert frå originalen 16. mars 2015, henta 19. mai 2016.
- Jones, Lesley-Ann (1998), Freddie Mercury: The Definitive Biography, London: Coronet, ISBN 978-0-340-67209-9.
- Jones, Tim (July 1999), «How Great Thou Art, King Freddie», Record Collector, arkivert frå originalen 25 October 2009.
- Landesman, Cosmo (10 September 2006), «Freddie, a Very Private Rock Star», The Times (London), henta 2 May 2010.
- Longfellow, Matthew, dir. (21 March 2006), Classic Albums: Queen: The Making of «A Night at the Opera, Aldershot: Eagle Rock Entertainment.
- Hudson, Jeffrey (1995), Freddie Mercury & Queen, Chessington, Surrey: Castle Communications, ISBN 1-86074-040-5.
- Mehar, Rakesh (18 September 2006), «God Should've Saved the Queen», The Hindu (Kochi) (New Delhi: hinduonline.com), arkivert frå originalen 6 Jun 2011.
- Mercury, Freddie; Brooks, Greg; Lupton, Simon (2006), Freddie Mercury: A life, In His Own Words, London: Mercury Songs, ISBN 0-9553758-0-0.
- Minchin, Ryan, dir. (2005), The World's Greatest Gigs, London: Initial Film & Television.
- Myers, Paul (25 November 1991), «Queen star dies after Aids statement», The Guardian (London), henta 2 May 2010.
- National AIDS Trust (2006), 25 years of HIV – a UK perspective, London: National AIDS Trust press office, arkivert frå originalen 22 December 2006.
- O'Donnell, Lisa (7 July 2005), «Freddie Mercury, WSSU professor were boyhood friends in India, Zanzibar», RelishNow!, arkivert frå originalen 18 February 2008, henta 24 September 2009.
- Queen (1992), «Bohemian Rhapsody», Queen: Greatest Hits: Off the Record, Eastbourne/Hastings: Barnes Music Engraving, ISBN 0-86359-950-8.
- Plekhanov, Sergey (2004), A Reformer on the Throne: Sultan Qaboos Bin Said Al Said, Trident Press Ltd, ISBN 1-900724-70-7.
- Prato, Greg, «Freddie Mercury», AllMusic (Ann Arbor).
- Zimmermann, Manfred (2004), «Hungarian Rhapsody in C major – Hommage to János Szolcsányi», Neuropeptides 38 (6): 375–6, PMID 15651128, doi:10.1016/j.npep.2004.09.007
- Rees, Dafydd; Crampton, Luke (1999), Summers, David, red., The Rock Stars Encyclopedia, London: Dorling Kindersley.
- Ressner, Jeffry (9 January 1992), «Queen singer is rock's first major AIDS casualty», Rolling Stone 621.
- Gold and Platinum Record Database, Washington: Recording Industry Association of America, henta 2007.
- Rivadavia, Eduardo, «Mr. Bad Guy (Overview)», AllMusic (Ann Arbor).
- Rush, Don (1977a), «Queen's Freddie Mercury», Circus Magazine (interview) (17 March 1977), arkivert frå originalen 21. oktober 2009, henta 19. mai 2016.
- Rush, Don (1977b), «Interview with Mercury», Circus Magazine (5 December 1977), arkivert frå originalen 20 October 2007, henta 24 September 2009.
- Russell, Paul (2002), The Gay 100: A Ranking of the Most Influential Gay Men and Lesbians, Past and Present, Seacaucus: Kensington/Citadel, ISBN 0-7582-0100-1, arkivert frå originalen 5. juli 2019, henta 19. mai 2016
- Skala, Martin (2006), Concertography> Freddie Mercury live> Early days, Plzen, Czech Republic: queenconcerts.com.
- Sky, Rick (1992), The Show Must Go On, London: Fontana, ISBN 978-0-00-637843-3.
- Stothard, Peter, red. (26 April 1992), «Freddie Tribute», The Times (London: Times Newspapers), arkivert frå originalen (– Scholar search) 5 Oct 2007.
- Sutcliffe, Phil; Hince, Peter; Mack, Reinhold (2009), Queen: The Ultimate Illustrated History of the Crown Kings of Rock, London: Voyageur Press, ISBN 978-0-7603-3719-6[daud lenkje]
- Taraporevala, Sooni (2004), Parsis: The Zoroastrians of India: A Photographic Journey (2nd utg.), Woodstock/New York: Overlook Press, ISBN 1-58567-593-8.
- Teckman, Kate, dir. (2004), Freddie's Loves, London: North One Television *part 2* på YouTube *part 3* på YouTube.
- Teeman, Tim (7 September 2006), «I Couldn't Bear to See Freddie Wasting Away», The Times (London), henta 2. mai 2010.
- UK Top 40 Albums Chart 10 September 2006, UKMusic.com, 10. september 2006, arkivert frå originalen 13. mars 2013.
- Urban, Robert, Freddie Mercury & Queen: Past, Present & Future Impressions, afterelton.com, arkivert frå originalen 31. juli 2014, henta 19. mai 2016.
- Webb, Julie (4. april 1974), «Queen», NME (London), arkivert frå originalen (Scholar search) 20 Oct 2007.
- Legend Freddie Mercury Honoured, Wigan, Lancs: Femalefirst.co.uk, 9. april 2005.
- Wenner, Jann (2001), «Queen», Hall of Fame Inductees, Cleveland: Rock and Roll Hall of Fame.
- Wigg, David (22. januar 2000), «Mercury Left Me His Millions», Daily Mail Weekend, arkivert frå originalen 30. mars 2016, henta 19. mai 2016.
- ↑ Independent 2006
- ↑ Dance: Deux the fandango, arkivert frå originalen 15. juni 2011, henta 19. mai 2016.
- ↑ 3,0 3,1 «RollingStone.com – 100 Greatest Singers of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 7. desember 2010. Henta 18. mai 2016.
- ↑ «list». Amiannoying.com. Henta 18. mai 2016.
- ↑ 5,0 5,1 Classic Rock, «50 Greatest Singers in Rock», May 2009
- ↑ Greg, Prato. «Freddie Mercury biography». AllMusic. Henta 18. mai 2016.
- ↑ Birth certificate mr-mercury.co.uk
- ↑ «Freddie Mercury (real name Farrokh Bulsara) Biography». Inout Star. Arkivert frå originalen 10 August 2011. Henta 11 July 2010.
- ↑ "Linda B" 2000.
- ↑ Sky 1992, s. 8–9
- ↑ Das 2000.
- ↑ Queen Online – History: Freddie Mercury, Archived on 8 August 2010.
- ↑ 13,0 13,1 Jones 1998.
- ↑ Fitzpatrick, Liam (2006). «Farrokh Bulsara». Time. Arkivert frå originalen 23 May 2011. Henta 18. mai 2016.
- ↑ Hodkinson 2004, s. 2,61.
- ↑ O'Donnell 2005.
- ↑ Lesley-Ann Jones (2012). «Mercury: An Intimate Biography of Freddie Mercury». s. 327. Simon and Schuster,
- ↑ Januszczak 1996.
- ↑ Plekhanov 2004, s. 91
- ↑ Davis 1996, s. 1,10
- ↑ Hodkinson, Mark (1995), Queen The Early Years, Omnibus Press, s. 117, ISBN 0-7119-6012-7
- ↑ «The pub that hosted John lennon and Freddie Mercury needs your band... – Liverpool Echo – Jade's Music Blog». Musicblog.merseyblogs.co.uk. 8 August 2008. Arkivert frå originalen 2. februar 2014. Henta 8 February 2014.
- ↑ Skala 2006.
- ↑ Highleyman 2005.
- ↑ SutcliffeHinceMack 2009, s. 22
- ↑ Evans, David; Peter Freestone (2001), Freddie Mercury: an intimate memoir by the man who knew him best, London: Omnibus, s. 108–9, ISBN 0-7119-8674-6
- ↑ 27,0 27,1 Soto-Morettini, D. (2006), Popular Singing: A Practical Guide To: Pop, Jazz, Blues, Rock, Country and Gospel, A & C Black, ISBN 978-0713672664
- ↑ Bret 1996, s. 26.
- ↑ 29,0 29,1 Cain 2006.
- ↑ Staff, NPR (25 April 2016). «Why Freddie Mercury's Voice Was So Great, As Explained By Science». NPR.org. NPR News «All Things Considered». Henta 19. mai 2016.
- ↑ «Scientists explain Freddie Mercury's incredible singing voice». Foxnews.com. 19 April 2005. Henta 19. mai 2016.
- ↑ Herbert, Christian; et al. (15 April 2016). «Freddie Mercury—acoustic analysis of speaking fundamental frequency, vibrato, and subharmonics». Taylor and Francis Online. Henta 19. mai 2016.
- ↑ «Queen – Greatest Hits, Vols. 1». AllMusic. Henta 18. mai 2016.
- ↑ 34,0 34,1 34,2 Wenner 2001.
- ↑ 35,0 35,1 Queen 1992.
- ↑ Aledort 2003.
- ↑ Coleman 1981.
- ↑ Blaikie 1996.
- ↑ Ressner 1992
- ↑ Dr. Brian May, CBE. Gitarist. (19. mai 2016). «Happy birthday, Freddie Mercury». Googleblog.blogspot.com. Henta 19. mai 2016.
- ↑ Minchin 2005.
- ↑ BBC News 2005b.
- ↑ McKee, Briony (13 July 2015). «30 fun facts for the 30th birthday of Live Aid». Digital Spy. Hearst Corporation. Henta 19. mai 2016.
- ↑ Harris 2005.
- ↑ Bret 1996, s. 91.
- ↑ Billboard – 16 Aug 1986. Books.google.com. Henta 18. mai 2016.
- ↑ Jones 1999.
- ↑ Grech, Herman (20 November 2011). «Mercury’s magic lives forever» (8 February 2015). Times of Malta.
- ↑ 49,0 49,1 49,2 Jones, Lesley-Ann (2011), Freddie Mercury: The Definitive Biography, Hatchette, s. 3 chapter 7, Mary.
- ↑ 50,0 50,1 Longfellow 2006
- ↑ «Lights! Action! Sound! It's That Crazy Little Thing Called Queen». Queenonline.com. Henta 18. mai 2016.
- ↑ 52,0 52,1 52,2 Rees & Crampton 1999, s. 809.
- ↑ Rees & Crampton 1999, s. 811.
- ↑ Dafydd Rees, Luke Crampton (1999). «Rock Stars Encyclopedia». s. 811. DK Pub.,
- ↑ (Rivadavia nd).
- ↑ Bradley 1992.
- ↑ Larkin, Colin (1998) The encyclopedia of popular music: Louvin, Charlie – Paul, Clarence, Volume 5 Page 3633. Macmillan, 1998
- ↑ Rees & Crampton 1999, s. 810.
- ↑ «Queen's Greatest Hits 3». BBC.co.uk. 7 April 2005. Henta 18. mai 2016.
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness World Records Limited
- ↑ «Freddie Mercury – Collaborations: Michael Jackson». Ultimatequeen.co.uk. Henta 18. mai 2016.
- ↑ Michael Jackson: the king of pop. Books.google.com. Henta 18. mai 2016.
- ↑ «There Must Be More To Life Than This». Ultimatequeen.co.uk. Henta 18. mai 2016.
- ↑ Smart, Gordon (12 November 2011) Michael Jackson and Freddie Mercury duet tapes to be released The Sun. Henta 13 November 2011
- ↑ «Queen set to release Freddie Mercury and Michael Jackson duets in 2012». NME.COM. 11 November 2011. Henta 18. mai 2016.
- ↑ Coulehan, Erin (29 July 2013). «Michael Jackson Duets With Freddie Mercury Set for Release». Rolling Stone Magazine. Arkivert frå originalen 23. juni 2015. Henta 19. mai 2016.
- ↑ Adam Unger. «QueenVault.com – Freddie +». Queenvaultom. Henta 18. mai 2016.
- ↑ Teckman 2004, part 2.
- ↑ Hauptfuhrer 1977.
- ↑ Laura Jackson. (2011). «Freddie Mercury: The biography». Hatchette
- ↑ Austin, Mary; Freddie Mercury (12 November 2011). The Mysterious Mr Mercury. Interview with Midge Ure. BBC Radio 4. Henta 12 November 2011.
- ↑ «The Star – AIDS Kills The King of Rock». Queen archives. 25 November 1991. Henta 19. mai 2016.
- ↑ Freddie's Loves (documentary), Channel 5.
- ↑ Sweeney, Ken (4 January 2010). «Partner of Queen star Freddie buried». Irish Independent (Dublin). Henta 19. mai 2016.
- ↑ Hutton 1994.
- ↑ «Do I Look Like I'm Dying Of Aids? Fumes Freddie», The Sun, 18 October 1986.
- ↑ Teeman 2006
- ↑ Bret 1996, s. 138
- ↑ «The Highs and Lows of the Brit Awards». News.bbc.co.uk. 2 December 1999. Henta 18. mai 2016.
- ↑ «Queen, Freddie Mercury, Roger Taylor, Brian May, BRITS 1990». Brts.co.uk. Henta 18. mai 2016.
- ↑ Jackson 1997.
- ↑ Tragic Face of Freddie Mercury The Sun
- ↑ Ressner 1992.
- ↑ Sky 1992, s. 163
- ↑ 85,0 85,1 Bret 1996, s. 179.
- ↑ «Heir Apparent With Freddie Mercury Dead And Queen Disbanded, Brian May Carries On The Tradition». Queenarchives.com. Henta 18. mai 2016.
- ↑ Sherwin, Adam (30 May 2011). «Final Freddie Mercury performance discovered». The Independent (London). Henta 18. mai 2016.
- ↑ 88,0 88,1 «Inside the studio where Freddie Mercury sang his last song». The Telegraph. 25 October 2015.
- ↑ 89,0 89,1 89,2 «Mary Austin Shares Her Memories – March, 17th 2000». Freddie.ru. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 18. mai 2016.
- ↑ «1991: Giant of rock dies». News.bbc.co.uk. 24 November 1991. Henta 18. mai 2016.
- ↑ Biography Channel 2007.
- ↑ «This week the Queen idol would've been 65... now pop star Dave Clark reveals: 'Freddie chose to die when his life stopped being fun'». Mail Online (London). 9 September 2011. Henta 18. mai 2016.
- ↑ «CEEFAX: Singer Freddie Mercury dies, aged 45». Henta 19. mai 2016.
- ↑ «Elton's Sad Farewell». Mr-mercury.co.uk. Henta 18. mai 2016.
- ↑ «Freddie, I'll Love You Always». Mr-mercury.co.uk. Henta 18. mai 2016.
- ↑ David Bret (2014). «Freddie Mercury: An Intimate Biography». s. 198. Lulu.com
- ↑ The Encyclopedia of Dead Rock Stars: Heroin, Handguns, and Ham Sandwiches. Books.google.com. Henta 18. mai 2016.
- ↑ Wigg, David (30 March 2013). «Freddie Mercury: Queen star's lover Mary Austin cursed by his fortune». Mail Online (London). Henta 18. mai 2016.
- ↑ 99,0 99,1 Wigg 2000.
- ↑ Kenneth Womack, Todd F. Davis (2012). "Reading the Beatles: Cultural Studies, Literary Criticism, and the Fab Four". p. 174. SUNY Press.
- ↑ RIAA 2007.
- ↑ Brown 1992.
- ↑ Billboard 25 July 1992. s.8. Books.google.com.
- ↑ «Gold & Platinum – 22 November 2009». RIAA. Henta 19. mai 2016.
- ↑ Cota 2006
- ↑ BBC 2005a.
- ↑ Brown 2006.
- ↑ Haines 2005
- ↑ CNN 2002
- ↑ «Grammy Hall of Fame Award». The GRAMMYs. Arkivert frå originalen 19. februar 2011. Henta 18. mai 2016.
- ↑ BBC News 2007.
- ↑ «The Top 40 Greatest Voices in Rock». The Sun (London). Henta 18. mai 2016.
- ↑ «Radio 2 – Rock And Roll Band". BBC. Henta 19. mai 2016
- ↑ «The greatest songarar ever». NME.COM. Henta 18. mai 2016.
- ↑ «2. Freddie Mercury». Readers Pick the Best Lead Singers of All Time. Rolling Stone. 12 April 2011. Arkivert frå originalen 15 April 2011. Henta 9 March 2014.
- ↑ «Gigwise readers name Queen star Freddie Mercury the best frontman of all time». GIGWISE.com. Henta 18. mai 2016.
- ↑ «Asteroide oppkalt etter Freddie Mercury». NRK. 6. september 2016. Henta 6. september 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- Freddie Mercury-diskografi på Discogs
- Freddie Mercury på Allmusic
- Freddie Mercury ved The Internet Movie Database (IMDb)