Rock Around the Bunker

Rock Around the Bunker
Studioalbum av Serge Gainsbourg
Utgjeve 1975
Innspelt November 1974 - 2. desember 1974 i London
Sjanger Rock ’n’ roll, pop
Lengd 29:00
Selskap Mercury
Serge Gainsbourg-kronologi 
Vu de l'Extérieur
(1973)
Rock Around the Bunker L'Homme à Tête de Chou
(1976)


Rock Around the Bunker er eit musikkalbum av den franske artisten Serge Gainsbourg frå 1975. Gainsbourg nyttar her svart humor og albumet er ein slags musikal med Nazi-Tyskland og den andre verdskrigen som tema, det heile pakka inn i 50-tals rock ’n’ roll og pop.

Gainsbourg var jøde og måtte sjølv gå med den gule jødestjerna i Paris under krigen. Serge Gainsbourg var næraste for ein «riksprovokatør» å rekne i Frankrike, noko han klarte til gagns med dette albumet. Albumet opnar med «Nazi Rock», ein rask rock'n'roll-låt der kordamene syng tittelen på songen om og om igjen mellom tekstlinjene til Gainsbourg. Songen «Eva» omhandlar korleis Eva Braun syng «Smoke Gets in Your Eyes» medan ho og Hitler er til sengs, og at dette gjer han sprø. Songen etter er Gainsbourg si utgåve av denne songen som i denne samanhengen gjev ein heilt andre assosiasjonar. Andre songar er «Yellow Star» og «S.S. in Uruguay».

Innhald endre

Alle songar er av Gainsbourg, bortsett frå der andre er nemnd.

  1. «Nazi Rock» - 3:10
  2. «Tata Teutonne» - 2:48
  3. «J'Entends des Voix Off» - 2:05
  4. «Eva» - 3:13
  5. «Smoke Gets in Your Eyes» (Harback, Kern) - 3:28
  6. «Zig Zig avec Toi» (Sieg Sieg avec toi)- 3:39
  7. «Est-Ce Est-Ce Si Bon?» (SS si bon ?) - 3:16
  8. «Yellow Star» - 1:40
  9. «Rock Around the Bunker» - 3:25
  10. «S.S. in Uruguay» - 2:16

Medverkande endre

  • Alan Parker - Sologitar
  • Judd Proctor - Elektrisk gitar
  • Brian Odgers - Bass
  • Dougie Wright - Trommer
  • Alan Hawkshaw - Piano
  • Jim Lawless - Perkusjon
  • Kay Garner, Jean Hawker, Claire Torry - Koristar

Fotnotar endre