Smoke Gets in Your Eyes

Smoke Gets in Your Eyes
Singel av The Platters
B-side

«No Matter What You Are»

Språk engelsk
Utgjeve 1958
Sjanger Doo wop
Lengd 2:40
Selskap Mercury
Komponist Jerome Kern
Tekstforfattar Otto Harbach
Låtskrivar(ar) Otto Harbach, Jerome Kern
The Platters-kronologi 
«I Wish»
(1958)
Smoke Gets in Your Eyes «Enchanted»
(1959)


«Smoke Gets in Your Eyes» er ein musikalsong skriven av Jerome Kern med tekst av Otto Harbach for operetten deira Roberta i 1933. Han vart opphavleg spelt inn av Gertrude Niesen, den 13. oktober 1933 på Victor. Han vart spelt av Irene Dunne for filmutgåva av musikalen i 1935, i lag med Fred Astaire, Ginger Rogers og Randolph Scott. Han har sidan vorte spelt inn av mange artistar, som Paul Whiteman and His Orchestra med Bob Lawrence på vokal, som tok songen til toppen av lista i USA i 1934. Nat King Cole spelte han i 1946. Songen er òg med i Lovely to Look At, ei nyutgåve av Roberta frå 1952, der han er sungen av Kathryn Grayson. Den kanskje mest kjende versjonen av songen vart spelt inn i 1958 av doo wop-gruppa The Platters, som tok songen til førsteplassen i USA i 1959.[1]

I 1956 spelte Vic Damone inn songen i ein dramatisk og annleis utgåve, som vart ein av dei mest kjende songane hans. For bandleiaren Ray Conniff vart det ein av signaturlåtane hans gjennom karrieren. I 1972 vart ein versjon av britiske Blue Haze òg populær. Saksofonisten Boots Randolph gjorde ein akustisk versjon av songen på plata Yakety Sax. Bryan Ferry spelte ein forholdsvis populær versjon av songen i 1974 for albumet Another Time, Another Place. Denne nådde 17. plass i Storbritannia i september 1974. Jerry Garcia, som var kalla opp etter Jerome Kern, gav ut ein musikkvideon med songen tidleg i 1990-åra, i lag med Ashley Judd som sit i bakgrunnen og lyttar.

Serge Gainsbourg spelte inn songen for albumet Rock Around the Bunker i 1975, ein rockeopera om Adolf Hitler, der songen får ei uhyggeleg tyding.

Knut Bjørnsen har skrivi ein norsk tekst. Han har tittelen «Røykringer». Utgjeven på LP-plata Ole Ivars farter videre (RCA YNJLK 1-729).

Kjende innspelingar endre

I populærkulturen endre

Songen er å høyre i fleire filmar, mellom andre:

Kjelder endre

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 463.