Rock and Roll av Gary Glitter

Rock and Roll
Singel av Gary Glitter
frå albumet Glitter
A-side

«Rock and Roll Part 1»

B-side

«Rock and Roll Part 2»

Land USA
Utgjeve 1972
Innspelt 1971
Sjanger Glamrock, poprock
Lengd 3:02 (Part 1)
3:10 (Part 2)
Selskap Bell Records
Låtskrivar(ar) Gary Glitter, Mike Leander
Produsent Mike Leander
Gary Glitter-kronologi 
Rock and Roll «I Didn't Know I Loved You (Til I Saw You Rock 'n' Roll)»
(1972)


«Rock and Roll», òg kjend som «The Hey Song», er ein song av den britiske glamrockartisten Gary Glitter som kom ut i 1972 som singel og på albumet Glitter. Han vart skriven av Glitter og Mike Leander og er delt i to delar: Part 1 er ein vokal versjon som omhandlar historia til rock and roll, medan Part 2 hovudsakleg er ein instrumental. Begge delane vart populære i Storbritannia og songen gjekk til andreplassen på den britiske singellista. På konsertane sine brukte Glitter å slå dei to delane saman.

I USA var det den instrumentale delen (Part 2) som vart mest populær og nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100. Part 2 av songen er ofte nytta på forskjellige sportshendingar i Canada og USA, særleg når heimelager scorar (eller vinn).

Kallenamnet «The Hey Song» kjem av det einaste ordet i Part 2 er «hey».

I 2005-2006 vart Glitter dømd for utukt mot mindreårige jenter i Vietnam. NFL bad då laga om å stoppe å spele songen, sjølv om Glitter alt hadde vorte dømd og fengsla for eige av barnepornografi i Storbritannia i 1997. NFL har gjeve løyve til ein coverversjon av songen av Tube Tops 2000 som no vert nytta i staden.[1]

Populærkultur endre

Part 2 av songen er nytta i mange filmar, som

Andre versjonar endre

Andre artistar som har spelt inn songen er D.I., Phish, The Human League, DNA (med Rick Derringer og Carmine Appice) og Doctorin' the Tardis (i røynda The KLF).

The Black Keys bygde songen «Howlin' For You» kring den særeigne trommerytmen i «Rock and Roll».[2] Songen har òg eit liknande gitarriff som Gary Glitter-songen.

Kjelder endre

  1. «Column: Why did NFL muzzle Gary Glitter?». Yahoo! Music news. 15. september 2006. Henta 20. august 2008. 
  2. «The Fresh Air Interview: The Black Keys». Henta 12. desember 2011.