Opna hovudmenyen

Gary Glitter (fødd Paul Francis Gadd8. mai 1944)[1][2] er ein engelsk glamrockmusikar og låtskrivar.

Gary Glitter
Gary Glitter - TopPop 1974 5.png
Fødd8. mai 1944 (75 år)
FødestadBanbury i Oxfordshire i England
FødenamnPaul Francis Gadd
AliasPaul Raven
Rubber Bucket
Paul Monday
OpphavLondon
Aktiv1960–2000
SjangerGlamrock, rock and roll, pop
Instrumentvokal
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarThe Poets, The Glitter Band
PlateselskapEMI, Bell, Epic,
Decca, Arista, Attitude
Verka somMusikar, låtskrivar.

Glitter vart først kjend i glamrocktida tidleg i 1970-åra. Han hadde mange hittar i Storbritannia i 19790-åra, som «Rock and Roll, Parts One and Two», «I Love You Love Me Love», «I'm the Leader of the Gang (I Am)» og «Hello, Hello, I'm Back Again». Mellom 1972 og 1995 hadde Glitter i alt 26 hitsinglar som låg totalt 180 veker på Topp 100 i Storbritannia.[3] Han heldt fram karrieren i 1980- og 1990-åra, og hadde ein stor hitt i 1984 med «Another Rock N' Roll Christmas».[4] Han har gjeve ut i alt sju studioalbum, og minst 15 samle- og konsertalbum. I 1998 vart songen hans «Rock and Roll» ført opp som ein av dei 1001 beste songane i musikkhistoria.[5] Den nesten instrumentale «Rock and Roll, Part 2» vore ein populær jubelsong under amerikanske sportshendingar.

I 1999 vart Glitter dømd for å eige barnepornografi i Storbritannia,[6] og seinare dømd i Vietnam for utukt mot mindreårige jenter.

StudioalbumEndra

KjelderEndra

  1. «nndb.com». Henta 30 Jul. 2009. 
  2. IMDb om Gary Glitter
  3. «polyhex.com UK Singles Chart runs». Henta 11. desember 2011. 
  4. Dave Simpson (14 December 2006). «Christmas without Glitter?». The Guardian (UK). Henta 11. desember 2011. 
  5. The Heart of Rock & Soul. Henta 11. desember 2011. 
  6. «Glitter jailed over child porn». BBC News. 12 November 1999. Henta 11. desember 2011. 

BakgrunnsstoffEndra