Opna hovudmenyen

Carmine Appice

amerikansk musikar og trommeslagar

Carmine Appice (fødd 15. desember 1946) er ein amerikansk rocketrommeslagar med italiensk bakgrunn. Han fekk opplæring i klassisk musikk og var påverka av jazztrommeslagarane Buddy Rich og Gene Krupa. Appice er mest kjend for å ha spelt med Vanilla Fudge, Cactus og powertrioen Beck, Bogert & Appice.

Carmine Appice
Carmine Appice.jpg
Fødd15. desember 1946
Brooklyn i New York
USA
FødestadStaten Island
OpphavUSA
Aktiv1966 til i dag
SjangerHardrock, psykedelisk rock, bluesrock, heavy metal, glam-metal
InstrumentTrommer, perkusjon, vokal
Tilknytte artistarCarmine Appice's Gitar Zeus, Ted Nugent, Pink Floyd, Vanilla Fudge, Cactus, Beck, Bogert & Appice, DNA, King Kobra, Blue Murder, Mother's Army, Travers & Appice, KGB, Ozzy Osbourne, Rod Stewart, Pappo, Paul Stanley, Marty Friedman, DBA
PlateselskapAtlantic, Atco, Epic, Repertoire
Verka somMusikar, låtskrivar

Appice er kjend som ein underhaldar der han kastar trommestikkene i lufta medan han speler og mange virvlar. Han vert rekna som ein av dei største showmennene i rocken[1] og var den første rocketrommisen som organiserte trommeopplæring på universitet, teater og trommebutikkar. Han skal ha inspirert trommeslagarar som John Bonham, Cozy Powell, Ian Paice, Dave Knepp, Nicko McBrain, Joey Kramer, Bill Ward, Roger Meddows-Taylor, Phil Collins, Neil Peart, Tommy Lee, Dave Lombardo, Richard Christy, David Kinkade, Ray Mehlbaum, Robb Reiner og Eric Singer.

Den bestseljande trommeopplæringsboka The Realistic Rock Drum Method[2] kom ut i 1972 og har sidan vorte revidert og gjeve ut på nytt som The Ultimate Realistic Rock Drum Method.[3]

DiskografiEndra

AlbumEndra

Carmine Appice

  • Carmine Appice (1981)
  • Carmine Appice's Gitar Zeus (1995)
  • Carmine Appice's Gitar Zeus II (2001)
  • Carmine Appice's Gitar Zeus: Conquering Heroes (dobbel-CD) (2009)

Vanilla Fudge

Cactus

Beck, Bogert & Appice

Jan Akkerman

  • Tabernakel (1974)[4]

KGB

  • KGB (1976)
  • Motion (1976)

Paul Stanley

Ted Nugent

DNA

  • Party Tested (1983)[5]

King Kobra

Blue Murder

Mothers Army

  • Mothers Army (1993)

Pappo's Blues

Marty Friedman

Travers & Appice[6] (as duet with Pat Travers)

  • It Takes A Lot Of Balls (2004)
  • Live At The House Of Blues (2005)
  • Bazooka (2006)

Pink Floyd

KjelderEndra

  1. «Carmine Appice's SLAMM!!! "Stomp on Steroids"». upcoming.yahoo.com. Henta 24. februar 2011. 
  2. Appice, Carmine. The Realistic Drum Method. Alfred Publishing Co. Inc 1995. 
  3. Appice, Carmine. The Ultimate Realistic Drum Method. Warner Brothers Publishers 2000. 
  4. Eder, Bruce. «Jan Akkerman, Tabernakel». allmusic.com. Henta 15. februar 2009. 
  5. «Party Tested». allmusic.com. Henta 15. februar 2009. 
  6. Eduardo Rivadavia. «Travers og Appice». allmusic.com. Henta 15. februar 2009. 
  7. Newsom, Jim. «Momentray Lapse of Reason». allmusic.com. Henta 24. februar 2011. 

BakgrunnsstoffEndra