Rockallbassenget
Rockallbassenget er eit sedimentasjonsbasseng frå mesozoikum vest for Irland og Storbritannia. Det er 800 km langt og 150 km breitt. Riftbassenget vart utvikla frå slutten av trias- til krittida. Rifta tilhøyrer same system som Færøy-Shetland-bassenget, Mørebassenget og Vøringsbassenget.
Rockallbassenget har to oljeførekomstar: Benbeculafeltet og Dooishfeltet.
Kjelder
endre- Askheim, Svein. (19. juni 2009). Rockallbassenget. I Store norske leksikon. Henta 10. februar 2014 frå http://snl.no/Rockallbassenget.