Rockin' Dopsie
Alton Jay Rubin (10. februar 1932–26. august 1993),[1] med scenenamnet Rockin' Dopsie (stundom Rockin' Dupsee), var ein USA-amerikansk zydeco-songar og trekkspelspelar som først fekk suksess i Europa og sidan i USA.[2]
Rockin' Dopsie | |||
Fødd | 10. februar 1932 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Carencro i Louisiana i USA | ||
Død | 26. august 1993 (61 år) | ||
Dødsstad | Opelousas i Louisiana i USA | ||
Fødenamn | Alton Jay Rubin | ||
Alias | Rockin Dopsie | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1970–1992 | ||
Sjanger | Zydeco | ||
Instrument | Trekkspel, vokal | ||
Tilknytte artistar | Rockin' Dopsie and the Twisters | ||
Plateselskap | Sonet, Maison de Soul, Rounder, GNP Crescendo, Atlantic | ||
Verka som | Musikar, komponist, songar |
Biografi
endreRubin var venstrehendt og lærte seg å spele trekkspel opp-ned. Han spelte kring i Louisiana i 1950- og 1960-åra, før han i 1976 spelte på New Orleans Jazz and Heritage Festival, der han vart oppdaga og fekk kontrakt med det svenske selskapet Sonet, som gav ut det første albumet hans, Doin' the Zydeco, i 1976. Frå 1979 turnerte han i Europa med gruppa si, The Twisters, og han vart populær der med ei rekkje album for Sonet i slutten av 1970-åra og tidleg i 1980-åra.[2][3]
I 1980-åra byrja han å bli kjend i USA. Han spelte trekkspel på den zydeco-aktige songen «That Was Your Mother» på Paul Simon sitt Graceland i 1986. Han spelte inn albumet Crowned Prince Of Zydeco i 1987.[3] Det siste albumet hans kom i 1991, Louisiana Music, og vart nominert til ein Grammy.[4] Dopsie spelte òg med Bob Dylan og Cyndi Lauper, og i 1992 dukka han opp i filmen Delta Heat.[2]
Han døydde av eit hjarteinfarkt i 1993, 61 år gammal.[4]
Diskografi
endreStudio- og konsertalbum
endreTittel | Selskap | Katalognummer | Utgjevingsår |
---|---|---|---|
Doin' the Zydeco | Sonet | SNTF 718 | 1976 |
Rockin' Dopsie & The Twisters | Rounder (lisens frå Sonet) | 6012 | 1977 |
Zy-De-Blue | Sonet | SNTF 761 | 1978 |
Hold On | Sonet | SNTF 800 | 1979 |
GNP Crescendo | GNPS 2156 | 1983 | |
Big Bad Zydeco | Sonet | SNTF 851 | 1980 |
French Style | Sonet | SNTF 872 | 1981 |
Rockin' Dupsee (The Legendary Jay Miller Sessions, vol. 30, recorded 1970-74) | Flyright (U.K.) | FLY-592 | 1983 |
Good Rockin' | Sonet | SNTF-905 | 1983 |
GNP Crescendo | GNPS-2167 | 1984 | |
Crowned Prince of Zydeco | Sonet | SNTF 982 | 1986 |
Maison de Soul | MdS-1020 | 1986 | |
Saturday Night Zydeco | Sonet | SNTCD 1003 | 1988 |
Maison de Soul | LP-1025 / MdS-CD-104 | 1988 (re-released on CD in 1989) | |
Zy-De-Co-In' | Sonet | SNTCD 1035 | 1989 |
Gazell Productions | GCCD 3003 | 1989 | |
Clifton Chenier & Rockin' Dupsee | Flyright | FLYCD 17 | 1989 |
Paula Records | PCD-17 | 1991 | |
Louisiana Music | Atlantic | 82307-2 | 1991 |
Rockin' Dopsie and The Zydeco Twisters In New Orleans | Storyville | STCD 8052 | 2001 |
Gjesteartist
endreTittel | Artist(ar) | Selskap | Katalognummer | Utgjevingsår | Instrument |
---|---|---|---|---|---|
Ready | The Blues Band | Arista | BB2 | 1980 | trekkspel |
The Blowin' Man | John Hart | Sonet | SNTF 844 | 1981 | trekkspel |
Graceland | Paul Simon | Warner Bros. | 9 25447-2 | 1986 | trekkspel |
A Night To Remember | Cyndi Lauper | Epic | EK 44318 | 1989 | trekkspel |
Oh Mercy | Bob Dylan | Columbia | CK 45281 | 1989 | trekkspel |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rockin' Dopsie» frå Wikipedia på engelsk, den 8. desember 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Eagle, Bob; LeBlanc, Eric S. (2013). Blues - A Regional Experience. Santa Barbara: Praeger Publishers. s. 383. ISBN 978-0313344237.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Sandra Brennan. «Rockin' Dopsie | Biography & History». AllMusic. Henta 8. desember 2018.
- ↑ 3,0 3,1 «Rockin' Dopsie», Donald Clarke Music. Henta 8. desember 2018
- ↑ 4,0 4,1 «Rockin' Dopsie, 61, A Master of Zydeco With His Own Style», New York Times, 27. august 1993. Henta 8. desember 2018
Bakgrunnsstoff
endre- Rockin' Dopsie på Allmusic
- Rockin' Dopsie-diskografi på Discogs
Åtvaring: Standardsorteringa «Rockin Dopsie» tar over for den tidlegare sorteringa «Dopsie, Rockin'».