Rodney Milburn, kjend som Rod Milburn, (18. mars 195011. november 1997) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 110 meter hekk i 1972.

Rod Milburn


Statsborgarskap USA
Fødd 18. mai 1950
Opelousas
Død

11. november 1997 (47 år)
Port Hudson

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1972

Karriere endre

Milburn melde seg på verdseliten då han som 20-åring oppnådde 13,5 på korthekken i 1970. Dei neste tre sesongane var han verdas beste korthekkløpar. I 1971 sette han ny verdsrekord på 120 yards hekk i Eugene med tida 13,0, og vann 110 m hekk under dei panamerikanske leikane i Cali i Colombia.

I OL-sesongen 1972 kvalifiserte Milburn seg til OL-tur med knapp margin, då han vart nummer tre i uttakingstevlinga heime i USA. Derimot imponerte han stort i München og vann 110 meter hekk på 13,24 sekundar, ei tid som fem år seinare vart godkjend som den fyrste verdsrekorden i elektronisk tid. Franskmannen Guy Drut vart nummer to på 13,34.

Milburn tangerte i 1973 sin eigen verdsrekord på 120 yards, før han i byrjinga av juli månad i Zürich vart den fyrste hekkeløparen som fekk notert 13,1, manuell tid, på 110 meter hekk. Også i 1975 stod han for det snøggaste hekkeløpet i verda, men lukkast ikkje kvalifisere seg til Sommar-OL 1976.

Han heldt fram å tevle til 1984, nokre år også som profesjonell.

Milburn, som var fødd i Opelousas i Louisiana, omkom i ei arbeidsulukke på ein papirfabrikk i Port Hudson, også Louisiana. Han arbeidde åleine på eit 12 timar langt nattskift, og vart forgifta/forbrend då han hadde falle i eit kar med natriumklorat.

Kjelder endre