Roger Hunt

britisk fotballspelar

Roger Hunt (fødd 20. juli 1938) er ein britisk-engelsk tidlegare fotballsspelar som vart verdsmeister med England i 1966, ligameister 1964 og 1966 med Liverpool FC og vinnar av FA-cupen 1965.

Roger Hunt

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 20. juli 1938
Glazebury
Død

27. september 2021 (83 år)
Warrington

Yrke fotballspelar
Språk engelsk
Høgd 1,75 meter
Roger Hunt på Commons

Klubbspel endre

Midtspissen Hunt debuterte på Liverpool FC i september 1959 og skåra 245 ligamål på 404 kampar dei neste ti åra. Einast Ian Rush har skåra fleire mål for Liverpool. Hunt vart toppskårar då Liverpool vann ligaen 1964 og atter i 1966, og han var fyrste målskårar då Liverpool vanne med 2-1 over Leeds United i FA-cupfinalen 1965.

I desember 1969 vart han overført til Bolton Wanderers i 2. divisjon. Fram til han la opp i 1972 spelte han 76 kamapar og skåra 24 for klubben.

Landslagsspel endre

Hunt fekk sin debut på det engelske landslaget i 1962, men det var fyrst frå 1964 han var i fremte rekke når dei 11 utvalde skulde takast ut. Han spelte alle seks kampane då England vann verdsmeisterskapen 1966 på heimebaner, og skåra tre av England sine fire mål i gruppespelet. Hunt var også med då England vann 2-0 over Sovjetunionen i bornsefinalen under fotball-EM 1968 i Italia. Han spelte sin 34. og siste landskamp 15. januar 1969. Til saman skåra han 18 mål for England, fire av dei då England hausten 1964 slo heimelaget USA 10-0 i ein vennskapskamp.

Kjelder endre