Warrington
Warrington er ein by med status som sameint styresmakt i Cheshire i England. Omkring tre fjerdedelar av folkesetnaden i distriktet bur i sjølve Warrington by, medan resten bur i omegnen som òg er inkludert i den sameinte styresmakta.
Warrington | ||
---|---|---|
Warrington rådhus | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Cheshire | |
Distrikt | Sameint styresmakt | |
Grunnlagd | 700-talet | |
Borgarmeister | John Joyce | |
Geografi | ||
Koordinatar | 53°23′N 2°36′W / 53.383°N 2.600°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | WA 1-5 og 13 | |
Telefon-retningsnummer | 01925 | |
Nettstad: www.warrington.gov.uk | ||
Historisk har byen høyrt til Lancashire, men han vart i 1974 slått saman med Lymm, Runcorn landdistrikt og delar av Warrington landdistrikt og overført til Cheshire. I Redcliffe-Maud-rapporten vart det foreslått at distriktet skulle høyre til Stor-Manchester, men dette vart endra på grunn av lobbyverksemd. Lokalbefolkninga ville helst fortsetje å høyre til Lancashire, men dette var ikkje mogleg fordi distriktet då ville vorte ein eksklave. I 1998 fekk Warrington status som sameint styresmakt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Warrington» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juli 2011.