DS «Rokta»

(Omdirigert frå Roktaforliset)

Det kom en melding fra Bjørnesund:
I natt er det gått et skip på grunn.

DS «Rokta» var eit norsk fraktefartøy som vart kjend då det forliste i 1938. «Rokta» var eit jarnskip på om lag 400 tonn som vart bygd i 1918. Det gjekk med skifer frå Alta til Skottland.

Då «Rokta» natt til 3. april 1938 grunnstøytte på Gallerskjera på Hustadvika, bles det det sterk nordaust storm med orkanbyger. Gallerskjera ligg utanfor Rindarøya og Bjørnsund i Hustadvika kommune. Skipet vart ståande fast på skjera i eit og eit halv døger. Det ureine farvatnet gjorde det svært vanskeleg for bergingsfartøy å kome til. Då skipet måndag 4.april knekte i to og glei av skjeret, vart seks av mannskapet redda av redningsskøyta «Christian Bugge» og lokale fiskarar. Det vart delvis brukt robåtar for å kome til i det grunne og svært ureine området. Dei seks andre av besetninga miste livet. Det gjorde òg to av redningsmannskapa. Nærmare 100 mann var ute på dei ulike fartøya under redningsaksjonen.

Den langvarige redningsaksjonen vart utfyllande dekt i aviser og radio i Noreg og i utlandet. Om forliset og berginga skreiv Arnulf Øverland diktet Sjøfolkene på Hustadvika.

Eit monument til minne om Roktaforliset vart reist på Rindarøy i 1991. På Søre Bjørnsund er det reist ein minnestein over dei to redningsmennene som miste livet.

Kjelder endre