Bjørnsund
Bjørnsund er ei øygruppe og eit fråflytt fiskevær i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal fylke. Været ligg utom Bud, på sørsida av Hustadvika. Øyar som har vore busette omfattar Nordøya, Hammerøya og Sørøya (Søre Bjørnsund). På Måøya ligg Bjørnsund fyr, som var bemanna fram til 1993. Øyane vart fråflytt på byrjinga av 1970-åra.
Bjørnsund | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Hustadvika | ||
Ferdselsårer | Båtrute til Harøysundet om sommaren | ||
Bjørnsund 62°53′15″N 6°48′47″E / 62.8876°N 6.813°E | |||
Wikimedia Commons: Bjørnsund |
I august 1968 vedtok kommunestyret i Fræna at øygruppa skulle fråflyttast. Det var då rundt 250 innbyggjarar, ein nedgang frå 534 i 1946, og stadig fleire av dei som var igjen, var eldre. Det vart vedteke at dei som ville flytta, skulle få økonomisk stønad til det. Oppfatninga, også hjå kommunestyrerepresentantar som kom frå Bjørnsund, var at øyane ville bli fråflytta med tida uansett, og at det var best å gjennomføra prosessen så raskt som mogleg.[1] Fråflyttinga vart gjennomført i 1971.
Husa i været er no nytta som feriebustadar. I været ligg Nordre Bjørnsund bedehuskapell, Bjørnsund fyrstasjon, Bjørnsund leirskule og Søre Bjørnsund museum. På sommaren går det båtrute mellom Harøysundet på fastlandet og Søre og Nordre Bjørnsund.
Øyane var del av Fræna kommune fram til opprettinga av Hustadvika kommune i 2020.
Folketalsutvikling
endre1801[2] | 1900[3] | 1946[1] | 2000 |
---|---|---|---|
82 | 425 | 534 | 0 |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Fråflytting frå Bjørnsund på kortast mogleg tid». Fiskaren. 2. september 1968.
- ↑ Folketeljing 1801 for Aukra prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Sandøy herred, frå Digitalarkivet
Bakgrunnsstoff
endre- Bjørnsund Nettportal Arkivert 2011-06-02 ved Wayback Machine.
- Om Bjørnsund på nettstaden kulturnett.no Arkivert 2011-07-23 ved Wayback Machine.
- Nettstaden til Nordre Bjørnsund velforening[daud lenkje]
- Nettstaden til Søre Bjørnsund velforening Arkivert 2009-08-30 ved Wayback Machine.