Rolf Ketil Bjørn

norsk politikar

Rolf Ketil Bjørn (18. januar 193824. november 2008) var ein norsk funkjsonær og stortingsrepresentant frå Kåfjord i Troms. Han representerte Sosialistisk VenstrepartiStortinget frå 1989 til 1997.

Rolf Ketil Bjørn
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. januar 1938
Kåfjord kommune
Død

24. november 2008 (70 år)

Yrke politikar, forretningsdrivande
Språk norsk
Politisk parti Sosialistisk Venstreparti

Bjørn var delarving til det nord-norske eigedoms- og industriselskapet Ric Bjørn AS. Etter utdanning ved Bedriftsøkonomisk institutt i Oslo i 1962, arbeidde han to år i sals- og innkjøpsavdelinga til Gustaf Aspelin A/S i Oslo. Frå 1965 til 1989 var han tilsett på kontoret til Ric Bjørn AS i Tromsø, fyrst som salssjef, sidan som innkjøpssjef.

Bjørn var medlem av Sosialistisk Folkeparti frå partiet vart danna i 1961. Frå 1989 møtte han på Stortinget frå Troms, vald for Sosialistisk Venstreparti, attvald i 1993. Alle åtte åra på Stortinger var han medlem i Forsvarskomiteen. Lokalt og nasjonalt arbeidde Bjørn for samarbeid mellom SV og Arbeidarpartiet, noko som vart retningsgivande for partiet sitt samarbeid med Arbeidarpartiet fram mot 2005, og i regjering etterpå.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre