Rolf Terje Klungland

norsk politikar

Rolf Terje Klungland (fødd 6. juli 1963) er ein politikar for Arbeidarpartiet, fødd i Flekkefjord. Mellom 1993 og 2009 representerte han Vest-Agder og Arbeidarpartiet på Stortinget i to bolkar på til saman tolv år.

Rolf Terje Klungland

Rolf Terje Klungland i juni 2008
Foto: Jarle Vines
Fødd6. juli 1963 (60 år)
Flekkefjord kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Klungland var platearbeidar og prosessoperatør frå 1980 til 1998, det meste av tida ved Øye smelteverk. Sidan 1999 har han hatt stilling som personalkonsulent i Sirdal kommune.

Han representerte Arbeidarpartiet på Vest-Agder fylkesting 1991-95. Klungland vart så innvald på Stortinget for Vest-Agder i 1993, der han vart medlem i kommunalkomiteen. Ved stortingsvalet i 1997 mista han den faste plassen på tinget, og var såleis vararepresentant i perioden 1997–2001. Deretter vart han vald til stortingsrepresentant både i 2001 og 2005. I den fyrste fireårsperioden var han medlem av energi- og miljøkomiteen, medan han i perioden 2005–09 var medlem av finanskomiteen, og varamedlem i valkomiteen.

I mars 2007 melde Klungland frå om at han ikkje ville stille til attval ved stortingsvalet 2009. Han grunngav dette med at Vest-Agder fekk lite gjennomslag både i partileiinga og i regjeringa.

Kjelder endre