Romain Barras (fødd 1. august 1980) er ein fransk tidlegare mangekjempar frå Calais. Han vart i 2010 europameister i tikamp.

Romain Barras


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 1. august 1980 (44 år)
Calais
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Barras vann i 2003 tikampen Universiaden i Daegu med personbeste 8 196 poeng. Året etter vart han nummer 13 i Sommar-OL 2004 i Aten med sine 8 067 poeng. I 2005 deltok han i fem tikamp-tevlingar og sanka over 8 000 poeng i alle. I Angers vart han fransk meister for fyrste gong, medan han i VM i friidrett 2005 i Helsinki enda han med 8 087 poeng på sjuandeplass. Dei neste sesongane vart han nummer 8 i Göteborg-EM 2006 med 8 093 poeng og nummer 7 i Osaka-VM 2007 med 8 262 poeng. Sommaren 2008 vart han femtemann under Sommar-OL i Beijing med 8 253 poeng.

Etter tolvteplass med 8 204 poeng i verdsmeisterskapen 2009 i Berlin, forbetra han sitt personbeste til 8 313 poeng i juni 2010.Ved EM i friidrett 2010 i Barcelona låg han før den avsluttande 1500-meteren 5 poeng over nederlendaren Eelco Sintnicolaas. Sintnicolaas låg i rygg på Barras gjennom løpet, heilt til Barras spurta i frå på oppløpssida og vann gullmedaljen på livsbeste 8 453 poeng. Sidan vart han nummer 11 i Daegu-VM 2011 og nummer 6 i EM i friidrett 2016 i Amsterdam.

Kjelder

endre