Romanen Beatles

Roman av Lars Saabye Christensen

Beatles er ein roman frå 1984, skriven av Lars Saabye Christensen. Boka markerte det store gjennombrotet hans og gav han Cappelenprisen. Beatles er historia om fire oslogutar av 1951-årgang med rockegruppa The Beatles som det store førebiletet.

Det er fyrst og fremst ein oppvektsroman, heimstadsdikting frå det eigne universet til Christensen, altså området rundt Skillebekk i Oslo i 196070-åra. Boka startar i 1965, då hovudpersonane er i tidleg tenårsalder, og sluttar i 1972, då dei er ferdige med gymnaset og går kvar sin veg. Boka er full av samtidsreferansar. Beatles er blitt omsett til mange språk og er seld i meir enn 150 000 eksemplar.

Figurar endre

Kim endre

Boka er ført i pennen av Kim Karlsen, busett på Skillebekk (Svoldergate). Kim bur i lag med foreldra sine og er einebarn. Faren er tilsett i ein bank, medan mora er husmor, og Kim minner tidleg om at ho gjerne ville ha vore skodespelar. I tillegg til denne familien, har faren og ein bror, Hubert Karlsen, ein halvkunstnar som lever av å illustrere for vekeblad. Kim er fantasifull og god til å ljuge. Samstundes veit lesaren at han nok er ein upåliteleg forteljar. Det kjem fram at han nok er plaga av angst, og tankane hans krinsar støtt rundt det å døy. I gjengen er Kim assosiert med Paul McCartney.

Seb endre

Sebastian eller Seb får aldri noko etternamn. Han er son av ein sjømann, og einebarn som Kim. Mora går frå faren utover i boka. Seb er den som "eksperimenterer" mest, og hamnar med tida på køyret. Dei andre lyt plukke han opp i Paris sommaren 1970. Seb har og kunstnartrong, og driv det eit stykke innanfor musikk. Han er assosiert med George Harrison.

Gunnar endre

Gunnar er den førande i flokken, staut og kraftig, ein botn heiderleg og lojal ven. Det er tidleg sagt om han at han ikkje greier å ljuge (han er dermed motsett av Kim). Gunnar bur i lag med foreldra sine og den eldre broren Stig. Stig er ein leiestjerne for dei yngre gutane, og gjer dei kjent med Bob Dylan og seinare the Doors. Gunnar tek ofte ansvar, og blir den mest politiske av dei fire. Han går inn i SUF, seinare AKP(m-l). Han er assosiert med John Lennon.

Ola endre

Ola er litt av ein rævdilt i gjengen, den minste og svakaste, noko overvektig og stam. Far hans er barberar på Solli Plass, og han bur i lag med foreldra og søstera Åse. Han blir med tida gift med Kirsten, som Åse var brevven med. Dei får ein son, Rikard, mot slutten av boka. Han er assosiert med Ringo Starr.

Nina endre

Nina er kjærasten til Kim. Ho har dansk far, og reiser med tida til København. Ho og Kim er "av og på" gjennom boka, og greier sistpå å få eit barn saman (Eleanor, fødd 1973 - ikkje nemnt før i Bisettelsen). Som Seb landar Nina "på køyret", og lyt hentast inn att.

Gåsen endre

Gåsen (Christian Ellingsen) er endå meir rævdilt enn Ola, sidan han står utanfor gjengen. Han er biletet på ein "prektig" skoleelev som gjer alt rett, og blir erta for det. Han er musikalsk og spelar orgel, men freistar å gje etter for Kim og dei andre ved å syne seg tøff å stela eit blad for dei. Dette fører han inn i religiøs krise, og han går mest til grunne på det. Kim bergar vitet hans, men han blir aldri heilt den same. Seint i boka går han og Seb inn i Children of God-rørsla.

Dragen endre

Dragen er motsett av Gåsen på alle vis, mislukka, svær og problematisk. Han skamferer andletet 17. mai 1965 med ein kinaputt, freistar å drepa læraren, og går sistpå til sjøs, der han drep ein styrmann og kastar seg på sjøen. Dei andre finn at han nok kjem bort der.

Andre figurar endre

  • Guri er kjærasten til Seb nokre år, og venninne av Nina. Ho reiser av med hasjen Seb har dyrka i glaskarmen.
  • Cecilie er den andre kjærasten til Kim, som nok kjem i vegen for forsoning med Nina. Ho bur fasjonabelt på Bygdøy.
  • Sidsel er kjærasten til Gunnar i dei sentrale tenåra.
  • Henny er kjærasten til Onkel Hubert. Ho er 21 år gamal i 1965, og politisk vaken. Ho underviser Kim i kunst og politikk, og reiser til Paris tidsnok til å bli med på 1968-opprøret. Ho har teke for seg på båe sider av kjønnsgrensa.
  • Lærar Lue er den første klasseforstandaren til dei fire. Han er ein opprådd figur som gjer det han kan ("oppriktig og varm og glad i oss" skriv Kim om han), men blir plaga av uforstand frå elevane sine. Han er og svært nervøs av seg.
  • Jensenius er ein underleg fyr som bur over Kim. Han var operasongar, men vart teken i understellet med kniv og lemlesta, slik at han lever som evnukk. Kim er oppe hjå han ein gong og merker seg at han og ljug for å dekkje fortida si. Det er hinta om at han hadde pedofil legning.
  • Jørgen er ein klassekamerat Kim får på Frogner, som og blir skamfaren med kniv, fordi han er homofil. Han er eit anker for Kim når dei første krisene kjem mot slutten av 60-åra. Difor blir det og stilt spørsmål ved Kims legning. Kim teier om dette for dei andre.
  • Pelle er ein doplangar Seb kjem i kontakt med, som skryt på seg kjennskap til Woodstock-festivalen, og dreg fram rykta om at Paul er daud, noko som gjev Kim ei sjelekrise. Han blir teken av politiet under ein razzia i Slottsparken.
  • Peder, Kåre og Sleipeleif driv skoleavisa på Vestheim skole, og er konservative motstykke til hovudgjengen. Dei driv mykje gjøn med Kim, og ender opp med ja-standpunkt under EF-kampen 1972. Dei blir såvidt sett i spann med Anders Lange mot slutten av boka.
  • Fred Hansen er ein gut frå Schweigaards gate som har kome inn på Vestheim og kjem i klasse med Kim og Gunnar. Han er arbeidargut, god til å symje, men lite for seg i ein del fag. Han blir audmjuka for vikamålet sitt, men er god i matematikk. Fred blir eit symbol på dei pågåande klassemotsetningane i tida, men druknar sommaren 1966 (i Hvervenbukta. "Bisettelsen" hintar om at nokon heldt han lenge under vatn som ein fantestrek). Dei andre tek vare på minnet om han.

Bakgrunnsstoff endre