Mannfolk er ein roman av Arne Garborg, utgitt i 1886. Det er ein naturalistisk roman som diskuterer moralen i samtidas Kristiania og som set fram forslag til korleis folk kunne få det betre, som å gi kvinnene betre vilkår og mann og kvinne høve til å bu i lag utan å vera gifte. For dette blei Garborg sett på som landets farlegaste mann. Saman med Hjaa ho mor, Trette menn og Bondestudentar tilhøyrer Mannfolk den delen av Garborg sin forfattarskap som gjerne blir kalla «kristianiaromanane».

Romanen stadfesta folks syn på han som radikalar og kom til å endra livet hans fullstendig. Han kom ut i ei dramatisk tid for norsk litteratur og ytringsfridom, i kjølvatnet av «Albertine-saka», «Jæger-saka» og «Kielland-saka». «Mannfolk-saka» fekk som konsekvens at Garborg mista stillinga som fast revisor på Stortinget. Stortingsbøndene likte dårleg at forfattaren problematiserte ekteskapet som institusjon. Då han blei ståande utan fast inntekt flytta dei nygifte Arne og Hulda Garborg til hytta hans, Kolbotn, på Tynset. Dette blei innleiinga på ein meir produktiv fase i forfattarskapen og skulle gi han eit internasjonalt gjennombrot.