Kolbotn er ei hytte, eller østerdalsstove, ved Savalen i Tynset kommune, på grensa til Alvdal kommune. Ho er kjend som ein kunstnarheim sidan forfattarekteparet Arne (1851–1924) og Hulda Garborg (1862–1934) budde her i åra 1885–1896.

Kolbotn
stad
Kolbotn med eit glimt av Savalen i bakgrunnen til høgre
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Tynset
Kart
Kolbotn i Tynset
62°15′09″N 10°25′37″E / 62.2525°N 10.426944444444°E / 62.2525; 10.426944444444
Kolbotnbrev (1890) har namn etter stova, og er ei av fleire bøker Arne Garborg skreiv medan han budde her.

Det var Garborg sin ven Ivar Mortensson-Egnund som fekk Garborg til Nord-Østerdalen, og som hjelpte han å kjøpe ei tomt på ein stad der det tidlegare hadde vore ei kolmile, derfor namnet Kolbotn. Eit hus vart flytt hit og reist i 1885, og det var Arne Garborgs første eigne heim. Då han i desember 1887 gifta seg med Hulda, fødd Bergesen, flytta paret til Kolbotn. Dei budde her meir eller mindre fast fram til 1896, då sonen Arne Olaus hadde nådd skulealder.

Huset og livet til familien der er særleg gjort kjent gjennom Harriet Backers måleri av ekteparet: «Gamlestua på Kolbotn», men òg frå Arne Garborg si essaysamling Kolbotnbrev (1890) og Hulda Garborg si Frå Kolbotnen og andetsteds (1903). Fleire andre bøker vart òg til her: Hjaa ho mor (1890), Trætte mænd (1891), Fred (1892), Læraren (1896) og delar av Haugtussa (1895).

Huset er i dag ått av familien, og det er nokre gonger kulturarrangement på tunet eller utflukter til stova i samband med Garborg-dagane på Tynset. Lektor Arne Dag Østigaard, Tynset, har skrive ei omfattande bok om livet til paret i stova, med utgangspunkt i si eiga hovudfagsoppgåve frå 1970.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

62°15′09″N 10°25′37″E / 62.25250°N 10.42694°E / 62.25250; 10.42694