Rombeporfyr er ein vulkansk bergart lyse rombeforma feltspatkrystall i ein finkorna grunnmasse med gråleg, raud til fiolett farge. Bergarten er av latittisk samansetjing og svarar til djupbergarten larvikitt. Rombeporfyr er vanleg i Oslofeltet. Lavamassane dekkjer store område, særleg på Krokskogen og i Vestfold, og dei einskilde lavastraumane blir karakteriserte ved skilnader i forma, storleiken og hyppigheita til feltspatkrystalla. Namnet vart innført av den tyske geologen Christian Leopold von Buch i 1810. Tilsvarande bergartar er seinare funne i Aust-Afrika og i Antarktis.

Rombeporfyr

Rombeporfyr på Krokskogen.
KategoriMineral

Kjelder endre

  • Rombeporfyr. (16. mars 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.