Opna hovudmenyen

Larvikitt er ein monzonittisk djuperuptiv bergart som er kjent for sitt vakre fargespel.[1][2][3] Han blei kåra til nasjonalbergart i Noreg i 2008.[4]

Larvikitt
Larvikite.jpg
Larvikitt frå Tveidalen.
Kjenneteikn
Gruppemagmatisk
HovudmineralAlkalifeltspat og plagioklas. Mindre mengder av biotitt, augitt, nefelin, magnetitt, ilmenitt, olivin og kvarts kan vere til stades.
Identifikasjon
Bruksområdebygningsstein, gravminne m.m.
TettleikLys larvikitt: 2,73
Mørk larvikitt: 2,71
AnnaLys larvikitt:
Vassabsorbsjon: 0,12
Mørk larvikitt:
Vassabsorbsjon: 0,34

BergindustriEndra

Larvikitt er den viktigaste natursteinen i Noreg som blir utvunnen i stor skala. I steinbrota tar ein ut to hovudvariantar; lys larvikitt og mørk larvikitt. Det kan vere betydelege variasjonar i utsjånad på steinen mellom dei ulike lokalitetane. Brota ligg hovudsakleg i Larvik i Vestfold og litt inn i Porsgrunn i Telemark. Larvikitt er berre funne i Oslofeltet, hovudsakleg ved Larvik og områda rundt. Den blir brukt til fasadar, gravmonument, benkeplater, fliser og liknande over heile verda. Bergarten har fått namn etter byen Larvik. Som handelsvare blir larvikitt ofte marknadsført under namn som Lys labrador, Mørk labrador, Blue pearl, Emerald pearl og liknande, og er blitt ein viktig eksportartikkel. I 2005 blei det eksportert larvikitt for 660 millionar kroner.[5]

StratigrafiEndra

Larvikitt førekjem vanleg i den sørlege delen av det som blir kalla Oslofeltet. Dette er ein monzonittisk djuperuptiv som utgjer ei hovudgruppe av bergartane i Oslofeltet.[6]

PetrologiEndra

Larvikitt høyrer til dei magmatiske bergartane (vulkanske). Den er ein djupbergart, også kalla intrusiv størkningsbergart, som er blitt danna under høgt trykk og høg temperatur djupt nede i jordskorpa. Den består i hovudsak av alkalifeltspat og plagioklas. Mindre mengder biotitt, augitt, nefelin, magnetitt, ilmenitt, olivin og kvarts kan vere til stades.[7][8]

Larvikitt har eit blåleg fargespel som kjem av lysbryting i mikroskopiske lamellar av plagioklas i alkalifeltspat (Schiller-effekt). Bergarten får dermed ein spesiell glans som gjer den attraktiv som pryd- og bygningsstein.[9] Dette fargespelet har av mange blitt forveksla med fargespelet frå plagioklasvarianten labradoritt. Fargespelet i labradoritt liknar på fargespelet i larvikitten, men her skuldast det variasjon av natriuminnhaldet i krystallane.[10]

Larvikitt som bygningsmaterialeEndra

 
Universitetsbiblioteket i Oslo har ein fasade dekt med mørk larvikitt frå Klåstad.
 
Bryting av larvikitt ved Klåstad i Larvik.
 
Großer Tiergarten Carillon er eit klokkespel i sentrum av Berlin. Heile fasaden er dekt med larvikitt.

Larvikitt har blitt brote som byggestein til kyrkjer og andre byggverk sidan mellomalderen. Likevel starta den kommersielle drifta ikkje før på 1880-talet. Det første brotet blei starta av Ferdinand Narvesen i 1884. På den tida kalla geologane den for labrador. Det var før Waldemar Christofer Brøgger i 1890 beskreiv bergarten som ein augitt-syenitt og gav den namnet larvikitt etter byen Larvik som låg like ved. Seinare har det synt seg at larvikitten i lokalitetane for det meste kan klassifiserast som alkali-monzonittar.[11][12][13] Trass dette blir larvikitt den dag i dag seld under namn som labrador, syenitt og granitt, truleg fordi desse namna kling litt betre.

  • Lys larvikitt blir broten vest i Larvik, i Tveidalenområdet og litt inn i Porsgrunn. Tveidalstypen har grå eigenfarge og fargespelet er dominert av blått. Som handelsvare går den under namn som Lys labrador, Blue pearl, Lys syenitt og liknande.[14][15][16]
  • Mørk larvikitt blir broten aust i Larvik, i Tjøllingområdet og inn mot grensa til Sandefjord. Dei vanlegaste variantane er Klåstad-typen og Bergan-typen. Som handelsvare går dei under namn som Mørk labrador, Bergan syenitt, Emerald pearl eller Mørk syenitt. Det største brotet ligg på Klåstad. Den går frå å vere mørk til å bli nesten svart.[17][18][19]

Norsk nasjonalbergartEndra

Larvikitt vart i februar 2008 kåra til nasjonalbergart for Noreg. Den var ein av ti mellom 50 bergartar som var blitt plukka ut av ein fagjury, som gjekk vidare til folkerøysting. Då røystinga var over den 18. januar, hadde larvikitt fått 40 % av røystene og låg an til å bli ein klar vinnar. Sidan larvikitt er så «typisk norsk» som den er, kunne fagjuryen lett slutte seg om denne bergarten. Kåringa blei presentert i høve 150-årsjubileet til Norges Geologiske Undersøkelse den 6. februar 2008.[20]

Thulitt som tidlegare er blitt kåra til «Norges nasjonalstein», er ikkje diskreditert av kåringa av Noregs nasjonalbergart.[21]

Bygningar med larvikittEndra

Sjå ògEndra

ReferansarEndra

Fotnotar
  1. Naturhistorisk Museum. Universitetet i Oslo Fylkesstein
  2. Norsk Steinbok. Torgeir T. Garmo. 3. Utgåva 1995. ISBN 82-00-41693-3
  3. Norsk Geologisk Forening. Landet blir til. 2006. ISBN 82-92394-31-1
  4. Norges Geologiske Undersøkelse. Larvikitt landets nasjonalbergart
  5. Norges Geologiske Undersøkelse. Mineralressurser i Norge. Bergindustrien i 2005
  6. Christoffer Oftedahl: Norges geologi. Tapir. 2. utg. 1981. ISBN 82-519-0446-3
  7. Norges Geologiske Undersøkelse. Natursteindatabasen. Tveiten Forekomst nr.644 i Larvik
  8. Universitetet I Oslo. Institutt For Geofag. GEOLOGISKE HOVEDTREKK I GRENLAND-BRUNLANES OMRÅDET. 2005.
  9. Geoportalen. Nasjonalbergart - Larvikitt.
  10. Norges Geologiske Undersøkelse Fargeglad stein – norsk naturstein med fargespill
  11. Universitetet I Oslo. Institutt For Geofag. GEOLOGISKE HOVEDTREKK I GRENLAND-BRUNLANES OMRÅDET. 2005.
  12. Norges Geologiske Undersøkelse Larvikittforekomstar
  13. Geoaktuellt Professorenes larvikitt
  14. Norges Geologiske Undersøkelse. Natursteindatabasen. Tvedalen Forekomst nr.636 i Larvik.
  15. Norges Geologiske Undersøkelse. Natursteindatabasen. Auen Forekomst nr.605 i Porsgrunn
  16. Norges Geologiske Undersøkelse. Natursteindatabasen. Torstein Forekomst nr.638 i Larvik
  17. Norges Geologiske Undersøkelse. Natursteindatabasen. Bergan Forekomst nr.641 i Larvik
  18. Norges Geologiske Undersøkelse. Natursteindatabasen. Furuberget Forekomst nr.653 i Larvik
  19. Norges Geologiske Undersøkelse. Natursteindatabasen. Klåstad Forekomst nr.643 i Larvik
  20. NRK Her er Norges Nasjonalbergart
  21. Geoportalen Norges Nasjonalbergart. En verdig representant.
Nettstader