Romferja «Endeavour»

(Omdirigert frå Romferja Endeavour)

«Endeavour» var den siste romferja som vart bygd for romfartsorganisasjonen NASA. Ho vart laga i 1987, etter tapet av «Challenger» året før. «Endeavour» hadde si siste romferd i mai 2011, før ho vart teken ut av bruk

Romferja Endeavour ved utskytingsplattform 39 A, den 22. Nov 2002

Historie endre

Konstruksjon endre

Då «Challenger»]] gjekk tapt i ei tragisk ulykke i 1986, hadde ein to alternativ for å erstatte romferja. Ein vurderte ei stund å byggje om testfartøyet «Enterprise», men fann ut det ville verte for dyrt. I staden nytta ein reservedelar frå romferjene «Atlantis» og «Discovery» til å byggje den nye romferja. Den amerikanske kongressen gav grønt lys for bygginga av «Endeavour» i 1987. 6. juli 1990 var bygginga av «Endeavour» ferdig, 7. mai 1991 vart romferja levert til Kennedy Space Center.

Jomfrutur endre

 
Astronautar arbeider med satellitten Intelsat VI

Romferja Endeavour hadde jomfruturen sin den 7. mai 1992, nøyaktig eit år etter den kom til Kennedy Space Center. Høgdepunktet var ein INTELSAT VI (F-3) satellitt som hadde stranda i ein ubrukeleg bane. Det måtte tre forsøk til før ein fekk fanga satellitten og montere ny rakettmotor.

16. mai 1992 landa Endeavour ved Kennedy Space Center etter 8 dagar, 21 timar og 17 minuttar i verdsrommet.

Denne turen sette ei rekkje rekordar for romferder:

  • Første romvandring med tre astronautar samtidig.
  • Til då den lengste, og famleis den nest lengste romvandring: 8 timar og 29 minuttar.
  • Første romferjeferd med fire romvandringar.
  • Første gong ein romferje nytta bremseskjerm ved landing.

Andre viktige ferder: endre

Romteleskopet Hubble endre

Den 2. desember 1993 byrja «Endeavour» på reisa mot romteleskopet Hubble. Det var naudsynt å skifte eit feilslipt spegel for at det nærsynte romteleskopet kunne gje skarpe bilete åt astronomane nede på bakken. Denne romferda varte i 10 dagar 19 timar 58 minuttar og kravde heile fem romvandringar før det uventa vedlikehaldet av teleskopet var fullført. Romferja Endeavour var tilbake på jorda den 13. desember 1993.

Slutten endre

Då romferja «Columbia» vart den andre romferja som gjekk tapt for NASA, vart det bestemt at alle dei tre gjenverande romferjene skulle skrotast innan 2010 og erstattast med romfartøyet «Orion».

«Endeavour» utførte si siste romferd, STS-134, til den internasjonale romstasjonen frå 16. mai til 1. juni 2011. Den aller siste ferda med ei romferje blei utført av «Atlantis» i juli 2011.

Etter at romferja blei trekt tilbake utførte ho nokre låge flygingar over NASA-hovudkvarteret og ulike landemerke før ho blei gjeven til California Science Center i Los Angeles.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Romferder med romferja Endeavour

1992: STS-49 | STS-47 | 1993: STS-54 | STS-57 | STS-61 | 1994: STS-59 | STS-68 | 1995: STS-67 | STS-69 | 1996: STS-72 | STS-77 | 1998: STS-89 | STS-88 | 2000: STS-99 | STS-97 | 2001: STS-100 | STS-108 | 2002: STS-111 | STS-113 | 2007: STS-118 2008: STS-123 | STS-126 |2009: STS-127 |2010: STS-130 | 2011: STS-134


Amerikanske romferjer
«Atlantis» · «Challenger» · «Columbia» · «Discovery» · «Endeavour» · «Enterprise» · «Pathfinder» · «Explorer»