Rosekrigane er eit namn på den periodevise borgarkrigstilstanden i England mellom 1455 og 1487. Kampen stod om trona til England, og hovudmotstandarane var huset York og huset Lancaster. Begge slekter stamma frå huset Plantagenet, idet dei kunne spore sine anar til Edvard III. Namnet Rosekrigane blei ikkje brukt i samtida. Det har sitt opphav i symbola som blei brukt av partane, ei kvit rose for York og ei raud for Lancaster.

Den kvite rosa symboliserte huset York under borgarkrigstilstandane i England 1455-1487.
Den raude rosa var symbol for hovudmotstandaren huset Lancaster.

Krigane blei utkjempa av riddarar og føydalhærane deira. Lancaster hadde det meste av støtta si i nord og vest, medan York var sterke i sør og aust. Grunna dei store tapstala blant adelen var krigane ein sentral faktor i svekkinga av den føydale makta, noko som førte til at ein under huset Tudor fekk eit sterkt, sentralisert monarki.

Bakgrunn endre

Striden mellom dei to husa byrja då Richard II blei styrta av Henry Bolingbroke, hertug av Lancaster, i 1399. Han var son av den tredje sonen til Edvard III, John of Gaunt, og hadde dermed eit svakt krav på trona. Ifølgje presedens skulle krona ha gått til ein mannleg etterkomar av Lionel av Antwerpen, som var Edvard III sin andre son. Richard II hadde sjølv nemnd Lionel sin soneson Roger Mortimer, 4. jarl av March som arving. Men Bolingbroke lét seg krona som Henrik IV, og fordi Richard II hadde vore ein upopulær konge blei han akseptert.

Henrik IV døydde i 1413, og sonen hans blei krona som Henrik V. Han var ein stor soldat, og den militære framgangen hans mot Frankrike under Hundreårskrigen styrkte populariteten hans enormt. Han kunne dermed også styrka Huset Lancaster sitt krav på trona. Før slaget ved Agincourt blei det avslørt ein konspirasjon mot Henrik V, leia av Richard, 3. jarl av Cambridge. Richard, som var son av Edmund of Langley, blei avretta. Kona hans, Anne de Mortimer, hadde eit krav på trona, ettersom ho var dotter av Roger Mortimer, 4. jarl av March og dermed etterkomar etter Lionel av Antwerpen. Då Henrik V døydde i 1422 kom Henrik VI på trona. Han var ein svak konge, og det blei raskt klart at Richard Plantagenet, 3. hertug av York, som var son av Richard, hertug av Cambridge og Anne Mortimer, ville utfordra han.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Rosekrigane
  Denne historieartikkelen som har med England å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.