Roses
Roses (spansk Rosas) er ein kommune i Alt Empordà i Catalonia i Spania. Han ligg ved kysten i nordenden av Rosesbukta og er ei viktig fiskehamn og eit turistsenter.
Roses | |||
by | |||
|
|||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Region | Catalonia | ||
Provins | provinsen Girona | ||
Del av | Mancomunitat de Municipis Comunitat Turística de la Costa Brava, Mancomunitat del servei de control de mosquits a la badia de Roses i el Baix Ter, Q107554324, Q107554329 | ||
Høgd | 5 m | ||
Areal | 45,90 km² | ||
Type | Kommune | ||
Folketal | 20 140 (2023) | ||
Postnummer | 17480 | ||
Roses 42°15′48″N 3°10′30″E / 42.263333°N 3.175°E | |||
Wikimedia Commons: Roses, Girona | |||
Nettstad: www.rosas.cat |
Historie
endreByen vart grunnlagd som ein gresk busetnad, truleg på 400-talet fvt. Ein kan framleis sjå restar av den greske busetnaden. Klosteret Santa Maria de Roses vart første gong nemnd i år 944 og styret vart delt mellom klosteret og grevskapet Empúries. I 1402 vart Empúries innlemma i krona Aragon og Roses vart ein eigen kommunen. På 1500-talet vart Roses fleire gonger råka av åtak frå sjørøvarar frå Nord-Afrika. For å stoppe dette gav Karl V ordre om å få bygd store festningsverk i byen. Dei neste hundreåra vart festningsverka grundig testa fleire gonger, to gonger av franskmennene, mellom anna under niårskrigen. I 1712, under den spanske arvefølgjekrigen, prøvde austerrikske soldatar å ta byen og i 1719, under kvadrupelalliansekrigen gjekk franskmennene igjen til åtak, men klarte ikkje å ta Roses.
Etter ein lang relativt roleg periode vart byen igjen angripen under dei franske revolusjonskrigane. Omleiringa av Roses varte frå 28. november 1794 fram til 3. februar 1795, då garnisonen vart trygt evakuert av ein spansk marineskvadron. Byen vart overgjeven til Frankrike, men vart gjeven attende til Spania etter Freden i Basle i juli 1795.
I 1808 tvinga keisar Napoleon I av Frankrike kong Karl IV av Spania og sonen Ferdinand til å abdisere, og sette i staden inn broren Joseph Bonaparte på trona. Då spanjolane gjorde opprør mot denne handlinga invaderte Frankrike land igjen i den spanske sjølvstendekrigen. Roses vart då kringsett for fjerde og siste gong. Då franskmennene i 1814 trekte seg ut av Spania sprengde dei festningsverka i byen i lag med Castell de la Trinitat som ligg like i nærleiken.
Galleri
endre-
Oversyn
-
Promenaden
-
Solnedgang
-
Fyret
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Roses, Girona» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Lluís Buscató i Somoza. La colònia grega de Rhode. Figueres, 1999. ISBN 84-88589-64-6
- Narciso Díaz i Romañach. Roses: Una vila amb història. Roses, [1991]. ISBN 84-606-0033-5
- Carlos Díaz, Hug Palou, Anna Ma. Puig. La Ciutadella de Roses. Girona, 1998. ISBN 8486812798
- Pablo de la Fuente. Les fortificacions reials del golf de Roses ein l'època moderna. Figueres, 1998. ISBN 84-88589-54-9
- Pere de Palol. El Castrum del Puig de les Muralles de Puig Rom (Roses, Alt Empordà). Girona, 2004. ISBN 843936654X
- Marcel Pujol i Hamelink. La vila de Roses (segles XIV-XVI). Figueres, 1997. ISBN 8488589425