Rosh Pinna er ein by (lokal kommune) med 2 800 innbyggjarar i øvre Galilea i Nord distrikt i Israel. Byen vart grunnlagd i 1882 av 30 familiar som emigrerte frå Romania. Det er derfor ein av dei eldste sionist-busetnadane i Israel.

Rosh Pinna
רֹאשׁ פִּנָּה, ראש פינה, Rosh Pina, Roch Pina, Rosh Pinah
lokal kommune
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°58′12.01″N 35°32′31.72″E / 32.9700028°N 35.5421444°E / 32.9700028; 35.5421444
Areal 17,6 km²
Folketal 2 800  (2008)[1]
Folketettleik 159 / km²
Grunnlagd 1882
Borgarmeister Avihud Rasky[2]
Kart
Rosh Pinna
32°58′09″N 35°32′33″E / 32.969086111111°N 35.542455555556°E / 32.969086111111; 35.542455555556
Wikimedia Commons: Rosh Pina

Geografi endre

Rosh Pinna ligg nord for Genesaretsjøen, kring 2 km aust for byen Safed, 420 meter over havet. Nord for Rosh Pinna ligg Hulasjøen, som var eit myrområde som vart drenert i 1950-åra.

Historie endre

Rosh Pinna (hebraisk ראש פנה) var ein av dei første moderne jødiske jordbruksbusetnadane i Israel, som då var ein del av det tyrkiske Osmanske riket. Rosh Pinna vart grunnlagd nær den arabiske landsbyen al-Ja'una. I 1883 vart han den første jødiske busetnaden i Israel som fekk støtte av baron Edmond James de Rothschild.[treng kjelde]

Gei Oni vart grunnlagd i 1878 av jødar frå Safed. Somme av dei var etterkommarar etter spanske jødar i eksil i 1492. Dei fleste av dei første familiane reiste der i frå etter tre år med tørke, men tre familiar vart verande att: Keller, Friedman og Schwartz.[3] Eit år seinare, i 1882, kom ei gruppe rumenske jødar leia av David Shub til landsbyen, og han fekk namnet Rosh Pinna, etter Salme 118:22: «Steinen som bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein.» Hjørnestein er rosh pinna på hebraisk.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre