Opna hovudmenyen

Huladalen (hebraisk עמק החולה, Emek HaHula, òg skrive Hulehdalen) er eit jordbruksområde nord i Israel med mykje ferskvatn. Det er ein viktig stoppestad for trekkfuglar langs Riftdalen mellom Afrika, Europa og Asia. Myrlandet kring Hulasjøen var yngleområde for mygg som bar malaria og vart drenert i 1950-åra. Ein liten del av dalen vart seinare fylt att med vatn for å prøve å redde det nesten utrydda økosystemet. Det er estimert at 500 million trekkfuglar i dag passerer gjennom Huladalen kvart år.[1]

Huladalen
dal
Lake Agmon Hula Valley.JPG
Hulasjøen
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nordlege distrikt
Koordinatar 33°6′12″N 35°36′33″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Hula Valley
Vassbøffel beitar i Huladalen.

Innhaldsliste

EtymologiEndra

Hulasjøen har hatt mange namn gjennom historia. På 1300-talet fvt. kalla egyptarane innsjøen Samchuna, medan han i Bibelen er omtalt som Merom. I det første hundreåret evt. kalla den jødisk-romerske historikaren Flavius Josefus han Semechonitis (på gammalgresk Σημεχωνίτις), medan han i Talmud vert kalla Yam Sumchi, som tyder Sumchisjøen. I dag vert innsjøen kalla Buheirat el Huleharabisk og Agam ha-Hulahebraisk, som kjem frå det arameiske Hulata eller Ulata.

Geografi og klimaEndra

Huladalen ligg i Daudehavsrifta i ei høgd på kring 70 meter over havet, og dekkjer kring 177 kvadratkilometer (25 km gonger 6–8 km). På begge sider av dalen er det bratte fjellsider med Golanhøgdene i aust og Naftalifjella i Øvre Galilea i vest rise som stig 400 til 900 meter over havet. Basaltåsane er kring 200 meter over havet langs sørsida av dalen og kryssar Jordanelva, og vert ofte omtalt som basaltpluggen, sidan dei hindrar vassdreneringa nedover mot Genesaretsjøen.

Huladalen har eit middelhavsklima med varme, tørre somrar og kjøligare, våtare vintrar, sjølv om dei to åsrekkjene fører til større døgn- og årstidsvariasjon enn i kystområda. Årsnedbøren varierer mykje gjennom heile dalen og varierer frå kring 400 mm i sørlege område av dalen til 800 mm nord i dalen. Meir enn 1 500 mm nedbør fell i fjellet Hermon, som berre ligg nokre få kilometer nord for dalen, hovudsakleg i form av snø, som gjev vatn til underjordiske kjelder, som kjeldene til Jordanelva. Alt vatnet flyt til slutt ut av dalen.

HistorieEndra

 
Bygg frå kring 1885
 
Malariaklinikk, 1938
 
Fiskarar ved Hulasjøen, ca. 1943

Før han vart drenert tidleg i 1950-åra, var Hulasjøen 5,3 km lang og 4,4 km brei, og strekte seg over 12-14 kvadratkilometer. Han var kring ein og ein halv meter djup om sommaren og tre meter djup om vinteren. Det har vore menneske ved innsjøen sidan tidleg førhistorisk tid. Arkeologiske funn frå steinalderen er funne nær Bnot Ya'akov-brua i sørenden av dalen. Den første permanente busetnaden, Enan (Mallaha), er datert til 9 000-10 000 år sidan og vart oppdaga i dalen.

Huladalen var hovudåra for den viktige handelen mellom det store handelssenteret Damaskus og den austlege Middelhavskysten og Egypt. I bronsealderen vart byane Hazor og Laish bygde ved viktige posisjonar langs denne ruta, for kring 4 000 år sidan. På eit stadie kom området under israelittane sin kontroll, før det vart erobra av den assyriske armeen til Tiglath-Pileser III og innbyggjarane her vart drivne bort. Bibelen nemner innsjøen «Merom» som staden der Josva sigra over kanaanittane.[2]

Under hellenarane, romarane, austromarane og dei første arabarane (300-talet fvt. til 700-talet evt) var Huladalen eit landleg område. I Selevkideriket vart byen Selevkia Samulias grunnlagd ved breidda av innsjøen.

Tradisjonelle avlingar var ris (så tidleg som den hellenistiske perioden), bomull og sukkerrøyr (før inn av arabarar etter erobringa deira i 636), durra og mais (ført til området etter oppdaginga av Amerika). Vassbøflar vart innført på 1700-talet for å gje mjølk og tene som trekkdyr.

På 1800-talet bestod dalen hovudsakleg av myrler og ein grunn innsjø, og var busett av beduinar[3] som vov matter av papyrus som dei bygde heimane sine med. John MacGregor, ein victoriansk eventyrar, vart fanga med båten sin, «Rob Roy», av ein mørkhuda beduin som budde i Hula-myrene. Han var ansvarleg for dei første moderne karta over området.[4] Dødelegheita var høg på grunn av malaria frå myrområda. I 1883 skildra ein reisande området som eit av dei beste jaktområda i Syria, heimstad for «panterar, leopardar, bjørnar, villsvin, ulvar, revar, sjakalar, hyenar, gasellar og otrar». Under andre verdskrigen skreiv offiserar frå den britiske armeen om at dei jakta fugl der.

I 1908 gav den osmanske regjeringa løyve til eit fransk firma om å drenere myrane. Dei selde rettane til ein libanesisk forretningsmann. I 1933, under Det britiske mandatet, tok Palestina Land Development Company over dette løyvet og la planar om å drenere og irrigere dalen etter ein vitskapleg ekspedisjon til området.[5]

 
Al-Salihiyya kring 1936. Kvinne vev ei papyrusmatte.

Ein vitjande til området i 1930-åra rapporterte at landsbyane i området hausta papyrus for veving. Dei brukte to særeigne vevar. Ein for fine matter, som skulle brukast innandørs, og ei som lagde lengre, grovare matter som vart nytta til å bygge hus med.[6]

Den første moderne jødiske busetnaden i Huladalen, Yesod HaMa'ala på vestsida av innsjøen, vart oppretta i 1883 under den første Aliyah. I 1948 var det 35 landsbyar i Huladalen, 12 jødiske og 23 arabiske. [7]

Drenering av myraEndra

Dreneringsoperasjonane, som vart utført av Jewish National Fund (JNF), byrja i 1951 og var ferdig i 1958. Dette vart gjort ved å gjere Jordanelva nedanfor området djupare og breiare, medan to nye kanalar vart laga for å leie om Jordanelva nord i dalen. Opptørkinga førte til at den unike, endemiske faunaen i innsjøen vart utrydda, inkludert fiskeartar.[8].[9]

Sjølv om dette i starten vart rekna som ein stor bragd for Israel, vart det med tida tydeleg at fordelane med å omgjere «øydemarka» kring Hulasjøen og myrene der var avgrensa. I 1963 vart det skapt eit lite område på 3,50 km² med papyrusmyrland sørvest i dalen, og dette vart det første naturreservatet i landet. Usemje om dreneringa av Hula var opphavet til at Naturvernsforbundet i Israel vart oppretta.[10]

Dreneringa av Hyla førte til at vatn forureininga med kjemisk gjødsling flaut ut i Genesaretsjøen, slik at vatnet der vart dårlegare. Jordsmonnet, som no ikkje hadde naturleg planter til å henge fast i, bles av stad i dei kraftige dalvindane, og torva i dei drenerte myrene sjølvtente og skapte underjordiske brannar som var vanskeleg å sløkkje.[11]

HulaparkenEndra

 
Flokkar med trekkfugl.

Hulaparken, kjend på hebraisk som Agamon HaHula (hebraisk אגמון החולה), ligg sør i Huladalen, nord for naturreservatet. Det vart oppretta som ein del av rehabiliteringa til JNF.[12] Tidleg i 1990-åra vart delar av dalen oversymd igjen, etter kraftig regn. Det vart då valt å gjere om område rundt, og la flaumområdet vere i fred. Denne nye staden vart ein kvilestad for tusenvis av trekkfugl om hausten og våren.. Innsjøen dekkjer no eit område på éin kvadratkilometer, med øyar innimellom som tener som verna hekkeplassar for fuglane. Mange trekkfuglar på veg mellom Europa og Afrika stoppar her, og staden har vorte ein populær fuglekikkingsstad. I 2011 stadfesta israelske ornitologar at Hulasjøen var stoppestaden for titusenvis av traner som flyg frå Finland til Etiopia kvar vinter. I Israel set bøndene ut mat til dei for å hindre at dei øydelegg avlingane nær innsjøen.[13]

Huladalen frå sør.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. The Hula Reserve
  2. Josva 11:5-7
  3. Thomson, W.M. (1872) The Land and the Book; or Biblical Illistrations drawn from the manners and customs, the scenes and scenery of The Holy Land. T. Nelson & son. s. 253
  4. History of the Hula Valen
  5. Historie of the Huladalen
  6. Larsson, Theodore (oktober 1936). «A Visit to the Mat Makers of Huleh». Palestina Exploration Fund Quarterly Statement: 225–229. 
  7. Tucker, Spencer; Roberts, Priscilla Mary (2008). The Encyclopaedia of the Arabic-Israeli conflict: A Political, Social, and Military History. One, A–H. Afvt.-CLIO. s. 458. ISBN 1851098410. 
  8. Crevelli, A.J. (2006). «Acanthobrama hulensis». The IUCN Red List of Threatened Species. International Union for Conservation of Nature. Henta 30. september 2014. 
  9. Goren, M. (2006). «Tristramella intermedia». The IUCN Red List of Threatened Species. International Union for Conservation of Nature. Henta 30. september 2014. 
  10. Tal, Alon (2002). Pollution in a Promised Land: An Environmental History of Israel. Berkeley, CA: University of California Press. s. 115. ISBN 978-0-520-23428-4. 
  11. The Hula Reserve
  12. The Hula Valley- Bird Watching Site
  13. «israelske ornithologists confirm flight path of migrating cranes». Haaretz. 4. mars 2011. 

BakgrunnsstoffEndra