Rother i West Sussex

Rother er ei elv i grevskapa Hampshire og West Sussex i England. Ho er 48 kilometer lang, og renn frå Empshott i Hampshire til ho munnar ut i Arun ved Stopham i West Sussex.

Rother
elv
Terwick Mill ved landsbyen Trotton
Land  England
Grevskap Hampshire, West Sussex
Lengd 48 km
Kjelde Empshott i Hampshire
Munning Arun ved Stopham i West Sussex
Kart
Rother i West Sussex
50°57′05″N 0°31′45″W / 50.951411111111°N 0.52914722222222°W / 50.951411111111; -0.52914722222222
Wikimedia Commons: River Rother (Western)
Rother ved ruinane av Cowdray House

Den nedste delen til elva, nedstraums frå Midhurst, vart gjort farbar for båttrafikk ved bygginga av vassvegen Western Rother Navigation i 1794.[1] Rother Navigation steig 26 meter frå Stopham til Midhurst ved hjelp av åtte sluser. Petworth vart knytt til elva med ein kort kanal kalla Petworth Canal, som var to kilometer lang med to sluser.[2] Vassvegen vart stengd for trafikk i 1888, og formelt forlate i 1936.

Elva får delar av vassføringa si frå kjelder i den bratta hellinga i krittlaga i South Downs, som renn med konstant volum og temperatur gjennom heile året. Dette gjev elva ei meir stabil sommervassføring enn kva ein finn i det øvre løpet til Arun, som drenerer leiregrunn. Denne stabile vassføringa gav kraft til fleire vassmøller langs elva.

Stedham Mill ved Rother

Kjelder endre

  1. Armstrong. History of Sussex. s.145-145.
  2. P.A.L. Vine. West Sussex Waterways. s.30.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Rother i West Sussex