Arun-elva
Arun er ei elv i grevskapet Sussex i England. Ho har kjeldene sine i ei rekkje små bekker (lokalt kjent som ghylls eller gills) i området St Leonard's Forest austom Horsham. Ho renn forbi Horsham og renn ved Nowhurst saman med North River (òg kalla Ockle), som kjem frå åsane i Leith Hill og Holmbury Hill i Surrey. Elva renn gjennom Arundel og forbi Arundel Castle, og munnar ut i Den engelske kanalen ved Littlehampton. Den viktigaste sideelva er den vestre Rother. Arun er 41 km lang.
Arun | |||
elv | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Grevskap | West Sussex | ||
Distrikt | Horsham, Arun | ||
Tilløp | |||
• høgre | Rother | ||
Nedslagsfelt | 974 km² | ||
Byar | Horsham | ||
Lengd | 41 km | ||
Kjelde | |||
- stad | St Leonard's Forest, West Sussex | ||
• høgd | 125 moh. | ||
Arun-elva 50°48′05″N 0°32′31″W / 50.801388888889°N 0.54194444444444°W | |||
Wikimedia Commons: River Arun |
Arun er knytt til kanalnettet gjennom Wey og Arunkanalen som no er under restaurering etter å ha vore stengt sidan 1871. Ho er påverka av tidvatnet opp til Pallingham Quay nordvest for Pulborough.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Arun (elv)» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juli 2011.