Rotoitisjøen i Tasman
- For innsjøen på Nordøya, sjå Lake Rotoiti i Bay of Plenty
Rotoitisjøen er ein innsjø i regionen Tasman på New Zealand. Sjøen er eit fjellvatn og ligg innanfor grensene til nasjonalparken Nelson Lakes National Park. Han får tilsig frå Traverselva, og vatnet frå sjøen renn ut i Bullerelva. Han er 82 meter djup og omgjeven av skog. Saint Arnaud er ein liten busetnad ved nordenden av sjøen.
Rotoiti | |||
innsjø | |||
Rotoitisjøen mot Mount Robert og Saint Arnaud Range.
| |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Område | Tasman | ||
Tilsig | Traverselva | ||
Utløp | Bullerelva | ||
Høgd over havet | 634 moh. | ||
Koordinatar | 41°49′28″S 172°50′17″E / 41.82444°S 172.83806°E | ||
Byar | Saint Arnaud | ||
Rotoitisjøen 41°49′28″S 172°50′17″E / 41.8245°S 172.8381°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Rotoiti, Tasman |
Den første europearen som såg sjøen var John Sylvanus Cotterell, den 18, januar 1843. Thomas Brunner og Charles Heaphy kom til sjøen i november 1843. Heaphy kalla han Lake Arthur etter kaptein Arthur Wakefield, men maorinamnetblei halde i hevd.[1]
Det går ruter for fotturar rundt innsjøen, mellom desse Lakehead track på austsida og Lakeside track på vestsida. Ei passasjerferje går langsetter sjøen og fraktar fotturistar til og frå Coldwater og Lakehead-hyttene som ligg ved sjøen. Rotoiti er òg ein populær stad å stå på på vasski, og ligg inntil Mount Robert, der det låg eit lite skisenter til det vart fjerna av Department of Conservation i 2005.
Det er sett ut aure i sjøen, dette gjer han populær for sportsfiskarar.
Referansar
endre- ↑ Reed, A. W. (2010). Peter Dowling, red. Place Names of New Zealand. Rosedale, North Shore: Raupo. s. 352. ISBN 9780143204107.
- Denne artikkelen bygger på «Lake Rotoiti (Tasman)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2014.