Rotsethorntunellen
Rotsethorntunellen er ein tunell på riksveg 651 i Volda kommune i Møre og Romsdal. Tunellen går gjennom Rotsethornet mellom Volda og Løvikneset, på nordaustsida av Voldsfjorden. Tunellen avløyste i to etappar eit svært rasfarleg vegparti. Opphavleg gjekk Rotsethorntunellen til Greifsneset og var 2 176 meter lang. Den blei opna 19. juni 1999. 5. desember 2002 begynte arbeidet med å forlenge tunellen til Løvikneset. Tunellen er i dag 3 962 meter lang, og den blei nyopna 28. mai 2004. Skulebussar fekk løyve til å køyre gjennom den nye, uferdige tunelldelen allereie frå januar 2004. Tunelldelen til Greifsneset er behalde, som ein arm av Rotsethorntunellen og riksveg 651.
Lengd | 3 962 meter |
---|---|
Trafikk | 2 715 (2023)[1] |
Opna | 1999/2004 |
Rotsethorntunellen 62°07′21″N 6°05′55″E / 62.1225°N 6.09861111°E |
Sjå også
endreBakgrunnsstoff
endre- Teknisk Ukeblad: Sikker mot ras Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. (19. juli 2004)
- The World's Longest Tunnel Page
- ↑ «Trafikkdata Ev39 Rotstehorntunnelen». Statens vegvesen.