Rough Island i Skottland

Rough Island er ei tidvassøy i Rough Firth utanfor Solway Firth i Skottland. Ho er 24 meter over havet på det høgaste.[1]

Sidan 1937 har ho vore eigd av National Trust for Scotland. Øya er eit fuglereserat som ein kan nå ved lågvatn frå Kippford. Det er ikkje lov å gå i land i mai og juni for å ikkje forstyrre dei hekkande tjelden og sandloen.[2]

Kjelder endre

  1. Gazetteer for Scotland
  2. I know Scotland, arkivert frå originalen 8. november 2010, henta 25. mars 2010 

Bakgrunnsstoff endre

54°51′37″N 3°48′14″W / 54.86017°N 3.80401°W / 54.86017; -3.80401