Solway Firth er ein firth eller fjord langs grensa mellom England og Skottland, mellom Cumbria (med Solwaysletta) og Dumfries and Galloway. Han strekkjer seg frå St Bees Head, like sør for Whitehaven i Cumbria, til Mull of Galloway, ved vestenden av Dumfries og Galloway. Isle of Man ligg sørom fjorden i Irskesjøen.

Solway Firth
fjord
Land  Storbritannia
Del av Irskesjøen
Kart
Solway Firth
54°45′00″N 3°40′00″W / 54.75°N 3.6666666666667°W / 54.75; -3.6666666666667
Wikimedia Commons: Solway Firth
Kart over Solway Firth.
River Nith munnar ut i Solway Firth sør for Dumfries.

Kysten består av låge åsar og små fjell. Området er stort sett landleg med fiske og jordbruk som ein viktig del av den lokale næringa. Turisme er òg ei aukande næring.

Solwaykysten vart erklært eit særleg vakkert naturområde i 1964.[1] I 2007 starta bygginga av Robin Rigg vindmøllepark i fjorden.

Farvatnet er generelt utan store farar, men enkelte marskland og mudderflater kan innehalde kvikksand.

750 km² av området er erklært ein stad av særleg vitskapleg interesse (SSSI). Her ligg òg Caerlaverock naturreservat.

Øyar endre

I motsetnad til dei det meste av vestkysten av Skottland er det få øyar i Solway Firth. Av dei fpo øyane som finst her har ein:

Isle of Whithorn er i røynda ei halvøy.

Historie endre

Namnet Solway har angelsaksisk opphav og kjem frå 1200-talet då namnet vart nytta om ein vadestad over mudderflatene ved Eskmouth. Sol er eit ord for mudder og wæth viser til vadestaden. Dei tre vadestadane i området på denne tida var Annan eller Bowness Wath, Dornock Wath (òg kalla Sandywathe) og Solewath, Solewath eller Sulewad.

Mellom 1869 og 1921 vart estuaret kryssa av Solway Junction Railway på ein 1780 m lang viadukt av jern. Linja vart bygd for å føre jernmalm frå Whitehaven-området til Lanarkshire. Jernbanen gjekk med tap og vart lagt ned. Viadukten vart lenge nytta som gangveg over fjorden,m en vart til slutt rive ned mellom 1931 og 1933.

Kjelder endre

  1. «Solway Coast AONB». Arkivert frå originalen 5. juni 2009. Henta 10. august 2009. 
  • Denne artikkelen bygger på «Solway Firth» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Edgar, S. og Sinton, J.M., (1990), The Solway Junction Railway, Locomotion Papers No. 176, The Oakwood Press, ISBN 0-85361-395-8
    • Neilsen, George (1899), «Annals of Solway — Until A.D. 1307», i Forbes, Peter, Transactions of the Glasgow Archaeological Society, New Series III, Glasgow: James Maclehose & Sons, s. 245–308  |access-date= requires |url= (hjelp) (tilgjengeleg ved books.google.com)
    • Ordnance Survey, (2003), Carlisle & Solway Firth, Landranger Map, No. 85, Ed. D, Scale 1:50 000 (1¼ inches to 1 mile), ISBN 0-319-22822-3
    • Ordnance Survey, (2006), Solway Firth, Explorer Map, No. 314 , Ed. A2, Scale 1:25 000 (2½ inches to 1 mile), ISBN 0-319-23839-3

54°45′N 3°40′W / 54.750°N 3.667°W / 54.750; -3.667