Roy Steffensen

norsk politikar

Roy Steffensen (fødd 10. september 1980) er ein norsk politikar (Frp) som sit som representant for Rogaland på Stortinget i perioden 2013-2017. Her er han medlem av transport- og kommunikasjonskomitéen. [1] Steffensen er oppvaksen på Kvitsøy og er den første frå Kvitsøy som har fått fast plass på tinget. [2] Roy Steffensen har budd både på Kvitsøy, i Stavanger og i Oslo. [3]

Roy Steffensen

Steffensen på sentralbanksjefen sin årstale i 2016
Foto: Tore Sætre
Fødd10. september 1980 (43 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Steffensen har arbeidd innan fiskeoppdrett i heimkommunen. Han meldte seg inn i Framstegspartiet i 1998, medan han tok økonomiske og administrative fag på vidaregåande i Stavanger. Frå 1998 til 2000 var han nestleiar i Rogaland FpU og frå 2003 til 2005 var han generalsekretær i FpU på landsbasis. I oktober 2011 vart han både varaordførar i heimkommunen Kvitsøy og rådgjevar for Frp si bystyregruppe i Stavanger. Året etter vart han nestleiar i Rogaland Frp. [4] Før stortingsvalet 2013 stod han på tredjeplass på Frp si liste i Rogaland. [5]

Roy Steffensen var også visepresident i Norges Biljardforbund 2006-2007 samt leiar i Christiania Biljardklubb 2005-2007. [6]

Fotnotar endre