Royal Collection
The Royal Collection er kunstsamlinga til den britiske kongefamilien, og er den største private kunstsamlinga i verda.[1][2][3]
Samlinga omfattar over ein million gjenstandar.[4] Ho er fordelt i eit dusin noverande og tidlegare kongelege bustader over heile Storbritannia. Samlinga tilhøyrer monarken, nokre av dei som personlege eigedelar og nokre av dei som statsoverhovud.[5][6]
The Royal Collection inneheld over 7000 maleri, kring 150 000 verk på papir og dessutan historiske fotografi, veggteppe, møblar, keramikk, bøker og andre kunstverk. Samlinga er fysisk spreidd mellom ei rekke stader, der nokre, som Hampton Court Palace, er opne for allmugen og ikkje bebudde av kongefamilien, medan andre, som Windsor Castle, både er bustader og opne for allmugen. Nokre av verka er på bustader som ikkje er opne for allmugen, som Sandringham House. Buckingham Palace i London har utstillingar frå samlinga i fleire månader ad gangen. Det finst òg eit galleri ved Palace of Holyroodhouse i Edinburgh.
Kjelder
endre- ↑ Stuart Jeffries (21. november 2002). «Kindness of strangers». The Guardian. Henta 15. juli 2016.
- ↑ Jerry Brotton (2. april 2006). «The great British art swindle». The Sunday Times. Arkivert frå originalen 2. desember 2016. «Some people know that this is perhaps the finest, and certainly what the royal palaces website proudly calls "the largest private collection of art in the world".»
- ↑ Hall, s. 3.
- ↑ «FAQs about the Royal Collection». Royal Collection Trust. Arkivert frå originalen 4. april 2016.
- ↑ The Royal Collection, hos Royal.gov.uk/
- ↑ About the Collection
- Bibliografi
- Hall, Michael (2017). Art, Passion & Power: The Story of the Royal Collection. BBC Books. ISBN 978-1-785-94261-7.
- Denne artikkelen bygger på «Royal Collection» frå Wikipedia på dansk og «Royal Collection» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2022.