Royal Opera House
Royal Opera House er eit operahus i London. Det blir også kalla «Covent Garden» etter området det ligg i, eller berre «The Garden». Bygningen blir brukt av Royal Opera, Royal Ballet og Orchestra of the Royal Opera House.
Royal Opera House | |||
![]() | |||
Arkitekt | Edward Middleton Barry | ||
---|---|---|---|
Opna | 15. mai 1858 | ||
![]() Royal Opera House 51°30′47″N 0°07′22″W / 51.513055555556°N 0.12277777777778°W |
Den noverande bygningen er det tredje operahuset på staden. Fasaden, foajeen og auditoriet er frå 1858, medan praktisk talt alt anna skriv seg frå ei omfattande renovering i 1990-åra. Operahuset har 2 268 plassar fordelt på fire losjerader, balkongar og eit amfiteatergalleri. Forscenen er 12,2 meter bred og 14,8 meter høg.
Hovudauditoriet er verna som Grade I.

Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Royal Opera House» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mars 2020.