Covent Garden er eit område i sentrale London (City of Westminster og det sørvestlege hjørnet av Camden). Området er dominert av forretningar og teater, og har inngangen til Royal Opera House, som òg er kjent som berre «Covent Garden». Her finst òg dessutan det travle Seven Dials-området.

Covent Garden
område
Land  England
Distrikt Camden
By London
Kart
Covent Garden
51°30′45″N 0°07′21″W / 51.5125°N 0.1225°W / 51.5125; -0.1225
Wikimedia Commons: Covent Garden

Området er avgrensa av High Holborn, Kingsway, The Strand og Charing Cross Road. Covent Garden Piazza ligg i sentrum av området på ein stad der det var ein blomer-, frukt- og grønsakmarked frå 1500-talet til 1974. Då blei engrosmarknaden flytta til New Covent Garden Market i Nine Elms.

Historie endre

Romersk tid til 1500-talet endre

Det har vore busetnad i området sidan romersk tid.

«Convent Garden» (seinare forkorta til Covent Garden) var namnet Johan utan land (1199–1256) gav eit 160 000 m² stort område i Middlesex som var avgrensa i vest og aust av det som no er St. Martin's Lane og Drury Lane, og i nord og sør av Floral Street og ei linje frå Chandos Place, langs Maiden Lane og Exeter Street til Aldwych.

I denne firkanten hadde St. Peters kloster i Westminster ein stor kjøkkenhage i mellomalderen. Gjennom dei neste tre hundreår blei den gamle klosterhagen, «convent garden», ein viktig leverandør av frukt og grønsaker til London. I denne perioden vart området drive av leiarar med løyve frå abbeden av Westminster.

Denne typen leigemål førte til eigedomstvistar i heile kongeriket. Det endte i 1540 då kong Henrik VIII oppløyste klostera og overtok jorda deira.

Henrik VIII gav jorda vidare til John Russell, som var Lord High Admiral, og seinare jarl av Bedford. For å oppfylla det siste ønsket til far sin tildelte Edvard VI resten av «the convent garden» til onkelen sin på morssida, Edward Seymour, første hertug av Somerset, i i 1547. Han byrja bygga Somerset House på sørsida av The Strand året etter. Då Seymour blei halshoggen for forræderi i 1552 blei jorda tilbakeført til kongen, og fire månader seinare blei tildelt ein av dei som hadde bidrege til Seymour sitt fall. 160 000 m², kjent som «le Covent Garden» pluss «the long acre», blei ved kongeleg forordning tildelt jarlen av Bedford i all æve.

1600-talet til 1800-talet endre

 
Utvendig frå Covent Garden Market

Det moderne Covent Garden har røtene sine i det tidlege 1600-talet,, då området "the Convent's Garden" blei gjenutvikla av Francis Russell, 4. jarlen av Bedford. Området blei teikna av Inigo Jones, den fyurste og største av dei engelske renessansearkitektane. Han var inspirert av planlagde marknadsbyar frå slutten av 1400-talet og byrjinga av 1500-talet, såkalla bastides. Området blei snøgt ein base for kjøpmenn, og etter Storbrannen i London i 1666, som øydela konkurrentane til marknaden i byen, blei det den viktigaste marknaden i landet. Eksotiske varer frå heile verda blei frakta opp Themsen og selde ved Covent Garden. Den fyrste skildringa av eit Punch and Judy-show i Storbritannia blei skildra av Samuel Pepys, som såg eit her i mai 1662. I dag er Covent Garden den einaste delen av London der det er tillate å ha gateunderhaldning. I 1830 blei det reist ein stor bygning har som var inspirert av dei romerske bada, som mellom anna finst i Bath, for å skapa eit meir permanent handelssenter.

Moderne tid endre

På slutten av 1960-talet hadde trafikkorkar i området nådd eit så høgt nivå at bruken av staden som marknad ikkje lenger var berekraftig. Heile området var truga av komplett omplanlegging, men lokalt engasjement pressa styresmaktene til å erklæra dusinvis av bygningar rundt om plassen som verna i 1973. Dette hindra endringane. Året etter flytta marknaden endeleg til ein ny stad kalla New Covent Garden Market, omlag 4 km mot sørvest ved Nine Elms. Den eldre staden forfall fram til den sentrale bygningen blei gjenopna som shoppingsenter og turistattraksjon i 1980. London's Transport Museum og bakinngangen til Royal Opera House ligg på staden.

Siden 2005 har Covent Garden husa Avenue of Stars, som er London sitt svar på Hollywoods Walk of Fame, og som går frå St Paul's Church.

 
Ein gateartist framfor marknaden.

Geografi endre

Næraste London Underground-stasjonar:

Kjelder endre