Royal Festival Hall

Royal Festival Hall er ein konsertsal, dansesal og foredragssenter i Southbank Centre i London. Det ligg på South Bank ved Themsen, ikkje langt frå Hungerford Bridge. Bygningen er verna (Grade I); den vart i april 1988 den fyrste etterkrigsbygningen som fekk ein slik status.[1] London Philharmonic Orchestra, Philharmonia Orchestra og Orchestra of the Age of Enlightenment har fast tilhald i konsertsalen.[2]

Royal Festival Hall

EigarLondon County Council
ArkitektRobert Matthew, Leslie Martin
Påbegynt1948
Opna3. mai 1951
Stilmodernistisk arkitektur
Kart
Royal Festival Hall
51°30′21″ N 0°7′0″ W

Grunnsteinen vart lagt ned av dåverande premierminister Clement Attlee i 1949, på staden der Lion Brewery hadde stått sidan 1837. Han vart bygd av Londons grevskapsråd i samband med Festival of Britain, og vart offisielt opna 3. mai 1951.

Designet er modernistisk, og hovudarkitekten Hugh Casson valde å berre bruke unge arkitektar på prosjektet. Leslie Martin, Peter Moro og Robert Matthew frå LCC utførte teikningane.

I 1964 vart bygningen kraftig endra ved at innganghallar og terrassar vart lagt til mot elva, og fleire omkledningsrom vart lagt til på baksida. Dette endra stilen frå skandinavisk modernisme til ein reinare stil med hardare liner. Det opphavlege inngangspartiet vart mykje endra.

Sidan 1980-åra har inngangssalen vore open for publikum også når det ikkje er konsertar. Han har vorte eit av dei mest populære offentlege romma i London, med godt vern mot det britiske regnvêret.

Det er 2 900 sete i sjølve salen, og i tillegg 917 i Queen Elizabeth Hall og 370 i Purcell Room.

Royal Festival Hall var arena då Storbritannia arrangerte Eurovision Song Contest 1960.

Kjelder endre

  1. McKean, John (2001). Architecture In Detail: Royal Festival Hall. New York: Phaidon Press Ltd. ISBN 0-7148-4160-9. 
  2. «Resident Orchestras & Artists in Residence». Southbank Centre. Arkivert frå originalen 24. oktober 2016. Henta 29 July 2013. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Royal Festival Hall