Ruden
Ruden er ei lita øy i Austersjøen mellom Rügen og Usedom utanfor kysten av Tyskland. Øya er ein del av delstaten Mecklenburg-Vorpommern. Før ei stormflod allehelgensdag i 1304 var øya ein del av ei landbru mellom Usedom og halvøya Mönchgut på Rügen. I dag er Ruden eit naturreservat.