Rudolf Blodstrupmoen

fiktiv figur

Rudolf Blodstrupmoen er ein oppdikta person skapa av Kjell Aukrust og høyrer slik til den vide Flåklypa-verda. Kjell Aukrust introduserte fyrst «Disponent Blodstrupmoen» (disponent er leiar i ei forretningsverksemd) i Mannskapsavisas avisspalte Våre Duster og overførte han seinare til den fiktive avisa Flåklypa Tidende.

Rudolf Boldstrupmoen i stolen og Mysil Bergsprekken ståande bak, ser på fjernsynet at Reodor Felgen kunngjer at han kjem til å deltaka i Flåklypa Grand Prix med Il Tempo Gigante. Frå Flåklypa Grand Prix 1975, regissert av Ivo Caprino.

Disponent Blodstrupmoen vart barnefødd i Flåklypa og arbeidde som lærling i verkstaden til Reodor Felgen. Med tida flytte han til byen der det var han vart disponent i «Christiania Mark og Soppkontroll» og ein framifrå racerbilførar. Han har i tillegg til Flåklypa Grand Prix og Flåklypa Tidende mellom anna vore med i Solan, Ludvig og Gurin med reverumpa frå 1998 og Flåklypa Julehefte.

Rudolf Blodstrupmoen toler ikkje å tapa og skyr ingen middel for å vinne. I filmen Flåklypa Grand Prix spela Blodstrupmoen «skurken» og var fyrsteførar i GT Boomerang Rapido (bygd på grunnlag av McLaren M8B-karosseri oppgradert til 12-sylindra motor og bygd «Spitfire»-prinsippet). Andreføraren var den synske Mysil Bergsprekken som med den føresjåande gjevnaden sin var ein mønstergod hjelpar.

Rudolf Blodstrupmoen vart stanga av ein husbukk i Gol i Hallingdal etter at han stakk peikefingeren sin i eit kvisthol. Han gjenoppretta då «Christiania Mark- og Soppkontrolk», han sprøyter utan førevarsel.[1] Skodespelaren Helge Reiss er røysta til Blodstrupmoen både i Flåklypa Grand Prix og Solan, Ludvig og Gurin med Reverompa. Helge Reiss var mellom anna kjend som Professor Drøvel i Brødrene Dal og professor Drøvels hemmelighet og Baronen i Olsenbanden for full Musikk[2] som får Egon Olsen mura inne i katakombane under villaen sin etter at Egon Olsen lovar å gjeva honom ei dyr Ming-vase, men i staden får ein kopi 'Made in Hong Kong'.

Me møter fyrst Rudolf Blodstrupmoen i Flåklypa Grand Prix der han i eit intervju uttalar «Je e villi tell når som helst, hvor som helst, å møte åkken som helst». Dette etter at han kry har synt fram racerbilen sin, GT Boomerang Rapido, som mellom anna er oppgradert med ein supermeterfordelar[3], ei oppfinning han stal frå læremeisteren sin Reodor Felgen. Reodor Felgen innser so at Blodstrupmoen har stole supermeterfordelaren medan han var læregut hjå han og at det var difor Blodstrupmoen stakk av skjott som var. I tillegg er heile teikninga til GT Boomerang Rapido stola frå verkstaden til Reodor Felgen. Han set seg difor føre, etter mykje overtaling av den ivrige Solan Gundersen, å setja i stend og byggje den planlagde racerbilen sin, som til då berre var understellet på betongklossar.

Sitat

«Je e villi tell når som helst, hvor som helst, å møte åkken som helst»

«Time vill sjåv» (Time will show).

Kjelder endre

  1. RS (20. august 2006), «Rudolf Blodstrupmoen», Svada.no (på norsk bokmål), henta 11. november 2021 
  2. «Olsenbanden for full musikk». Wikipedia (på norsk bokmål). 27. september 2021. 
  3. «Superretometerfordelar». Wikipedia. 15. juli 2021.