Rudolf Christoph Eucken
(Omdirigert frå Rudolf Eucken)
Rudolf Christoph Eucken (fødd 5. januar 1846 i Aurich i Austfriesland, død 15. september 1926 i Jena) var ein tysk filosof, vinnar av Nobelprisen i litteratur i 1908.
Rudolf Christoph Eucken | |
Nasjonalitet | Tysk |
Statsborgarskap | Kongedømet Preussen, Det tyske keisardømet, Weimarrepublikken |
Fødd | 5. januar 1846 Aurich i Austfriesland |
Død |
15. september 1926 (80 år) |
Yrke | Filosof |
Medlem av | Akademie gemeinnütziger Wissenschaften, Kungliga Vetenskapsakademien, Accademia Nazionale dei Lincei, Corps Frisia Göttingen, StMV Blaue Sänger Göttingen |
Ektefelle | Irene Eucken |
Born | Walter Eucken |
Rudolf Christoph Eucken på Commons |
Eucken var fødd i Aurich. Han blei utnemnd til professor i filosofi i 1871 i Basel og 1874 i Jena.
Eucken tok opp etikk og religion. Han la fram ein metafysisk, etisk idealisme og gjekk imot materialistisk naturalisme og positivisme. Eucken omsette og tolka Aristoteles. Han fekk innverknad på Max Scheler og Oswald Spengler.
Eucken døydde i Jena.
Bibliografi
endre- Die Lebensanschauungen der großen Denker (1890)
- Der Kampf um einen geistigen Lebensinhalt (1896)
- Der Wahrheitsgehalt der Religion (1901)
- Grundlinien einer neuen Lebensanschauung (1907)
- Der Sinn und Wert des Lebens (1908)
- Geistige Strömungen der Gegenwart (1908)
- Können wir noch Christen sein? (1911)
- Present Day Ethics in their Relation to the Spiritual Life (1913)
- Der Sozialismus und seine Lebensgestaltung (1920)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rudolf Christoph Eucken» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juni 2009.
- «Rudolf Christoph Eucken» i Store norske leksikon, snl.no.