Rudolf II av Det tysk-romerske riket
(Omdirigert frå Rudolf II)
Rudolf II av Habsburg (18. juli 1552–20. januar 1612) var ein tysk-romersk keisar (1576-1612), samt konge over Ungarn (1572-1608) og Böhmen (1575-1611).
Rudolf II av Det tysk-romerske riket | |
Statsborgarskap | Det tysk-romerske riket, Habsburgmonarkiet |
Fødd | 18. juli 1552 Wien |
Død |
20. januar 1612 (59 år) |
Yrke | politikar, kunstsamlar, monark |
Språk | tysk |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Far | Maximilian II av Det tysk-romerske riket |
Mor | Maria av Østerrike |
Ektefelle | ingen verdi |
Rudolf II av Det tysk-romerske riket på Commons |
Rudolf var ein viktig fremjar av kunst og vitskap, men samstundes ein veik herskar. I det minste i sine siste år var han regjerigsudyktig. Den lange tyrkarkrigen, 1591-1606, føregjekk under hans styringstid. Mangel på handlekraft forsterka ei pågåande krise i riksstyringa. Erkehertug Matthias og andre medlemer av Habsburg-dynastiet vende seg etter kvart mot han og strippa han suksessivt frå alle maktposisjonar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rudolf II. (HRR)» frå Wikipedia på tysk, den 14. september 2014.