Rudolf Koller (21. mai 18285. januar 1905) var ein sveitsisk målar. Koller, som både var fødd og døydde i Zürich, er særleg kjend i heimlandet for verket Gotthardpost.

Rudolf Koller

Statsborgarskap Sveits
Fødd 21. mai 1828
Zürich
Død

5. januar 1905 (76 år)
Zürich

Yrke kunstmålar
Rudolf Koller på Commons

Liv og gjerning endre

 
Gotthardpost, 1873
 
Plakat til utstilling, 1898

Koller gjekk fyrst på privatskule, seinare i allmennskulen i Fraumünster. Frå 1840 til 1843 gjekk han på Kantonale Industrieschule i Zürich. Si fyrste undervsning i teiknekunsten fekk han av ein onkel som var landskapsmålar. Påska 1843 braut Koller av skulegangen, då han hadde bestemt seg for å verte hestemålar. Han gjekk så i lære hos både ein teiknelærar, ein portrettmålar og ein landskapsmålar.

I 1845 reiste Koller til eit stutteri i nærleilken av Stuttgart, eigd av fyrsten av Württemberg. Der fekk han i oppdrag å måle bilete av hestar og hundar. 1846/47 fylgde han studiane i ei figurklasse på kunstakademiet i Düsseldorf, under leiing av Karl Ferdinand Sohn. Der vart Koller ven med målarane Arnold Böcklin og Anselm Feuerbach.

Saman med Böcklin reiste Koller i 1847 til Brussel. Derifrå reiste han åleine vidare til Antwerpen og Paris. I Louvre vart han kjend med verka til nederlenderar frå det 17. hundreåret, som han kopierte, og med verk av samtidige dyremålarar. Han vart kjend med den franske målarkolonien Barbizon og denne si vekt på måling i den frie naturen, noko som meir og meir prega hans eigne verk. I april 1848 reiste Koller, grunna dårleg økonomi, tilbake til Zürich.

1849 og 1850 måla han i Hasliberg. Sidan for han til München, der han vart kjend med landskaps- og dyremålaren Johann Gottfried Steffan. Vidare la han ut på reise til Ötztal og besøkte Zugspitze. I mai 1852 fekk han seg atelier i Zürich, og fekk mange oppdrag på dyremåleri.

1857 måla han biletet Kuh im Krautgarten (Ku i kjøkenhagen). På den tid vart han ven med forfattaren Gottfried Keller og kulturhistorikaren Jacob Burckhardt. Seinsommaren 1858 oppheldt Koller seg ei tid Richisau-området i kantonen Glarus, der verket Richisau vart til.

Koller kjøpte i 1862 eit hus på Zürichhorn ved Zürichsjøen. Der budde og arbeidde han til døydde. Mellom anna hadde han ulike dyr, som han kunne studere til arbeida sine. Frå november 1868 til juni 1869 var han på reise til Firenze, Roma og Napoli, han la då vekt på naturinntrykka.

År 1873 fekk Koller sitt største oppdrag av styret i Schweizerische Nordostbahn. Selskapet skulle då gje ei gåve til industri- og jarnbanepionieren Alfred Escher i høve hans avskjed. Koller bestemte seg omgåande for å måle for å måle eit motiv frå St. Gotthard, då Escher hadde gått i bresjen for å få bygt tunnelen under St. Gotthard. I verket Gotthardpost skapar han ein dramatisk effekt gjennom samanstillinga av rørslene til den hastige hestevogna, dei skremte kalvane og dei rolege kyrne. Gotthardpost heng i dag i Kunsthaus Zürich.

I høve Koller sin syttiårsdag fann det i 1898 i Zürich stad ei stor utstilling som viste ein større del av hans verk. Over 20000 menneske besøkte utstillinga.

Koller døydde i heimen sin i 1905. Han vart gravlagd på Friedhof Sihlfeld i Zürich, jamsides Gottfried Keller.

Utvalde verk endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre